Indre Sogn: Etter den mest snørike vinteren i høgfjellet på tjue år, har sogningane moglegheit til å gå på ski langt utover våren. Porten.no har teke ein prat med Torunn Todal Laberg frå Årdal, Thea Øvregard Røhme frå Luster, Bjørn Ness frå Sogndal og Ole Sælthun frå Lærdal.

Fire toppturentusiastar gir deg sine turfavorittar i Sogn
Skisesongen er langt frå over, og den neste veka er det meldt mykje sol. Porten.no har snakka med fire toppturentusiastar, for å høyre kva toppar dei anbefaler deg å gå på dei neste dagane. Sjå bildekarusell nedst i saka.