VERRE FØR DET BLIR BETRE: Ei rekkje tunelar i Årdal skal bli sikrare og betre. I mellomtida må bilistar vera budde på ein god del stengingar, opplyser rådmannen.
VERRE FØR DET BLIR BETRE: Ei rekkje tunelar i Årdal skal bli sikrare og betre. I mellomtida må bilistar vera budde på ein god del stengingar, opplyser rådmannen. (Foto: Arkiv)

Fire tunnelar i Årdal blir oppgraderte dei neste åra – dette er stoda

Rådmannen legg ikkje skjul på at årdølene må bu seg på hyppige tunnelstengingar dei neste åra.

Årdal: Heile fire tunnelar i Årdal skal oppgraderast, noko som naturlegvis vil medføra ein del stengingar. Arbeidet kjem i tillegg til bygginga av Ljotelitunnelen på fylkesvegen mellom Årdal og Tyin.

Dei neste par åra må folk difor vera budde på at det ikkje vil vera like enkelt å ta seg rundt i kommunen, opplyser rådmann Stig Start Johansen.

– Spesielt vil dei som bur i Seimsdalen oppleva at det blir litt vanskelegare å ferdast, men i hovudsak skal arbeidet skje om natta, slik at daglege gjeremål ikkje skal verta hindra, skriv Johansen på nettsidene til kommunen.

Les óg: Arbeidet på Tyinvegen held fram til april

Startar til sommaren

Til våren ønskjer kommunen å invitera til eit folkemøte for å orientera om framdrifta på dei ulike prosjekta, og konsekvensane dei vil ha for folk.

Dei fire tunnelane det er snakk om er Steiggjetunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal, Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen mellom Årdalstangen og Fodnes, og Seimsdalstunnelen mellom Seimsdalen og Årdalstangen.

I Seimsdalstunellen er det forventa at arbeidet vil starta opp i juli etter fellesferien, og halda på i to år framover.

 

Dei tre andre tunnelane vil bli tekne i tur og orden.

Omfattande jobb

Først ut er Steiggjetunnelen, og arbeidet her startar truleg før ferien. 

– Det vert rekna med at ein skal bruke rundt eitt og eitt halvt år med sprenging for utbetring i første tunnel. Så vil det vere om lag eitt år med elektroarbeid, skriv rådmannen.

Under sprengingane, som vil skje mellom midnatt og 05.30, blir tunnelane heilt stengt, med passering for kolonne frå 02.30 til 03.00. Naudetatane skal ha høve til å passera utanom kolonna.

– Det kan bli noko stenging på dagtid óg, opplyser rådmannen.

Til toppen