Luster: I natt heldt både Ottatunnelen, Råumtunnelen, og Røneidtunnelen stengt i periodar på opptil 30 minutt grunna vedlikehaldsarbeid. Dei opna for fri ferdsel klokka 06:00 i dag.
Resten av klokkesletta for stengingane kan du sjå her.
Onsdag:
Ottatunnelen held fyrst stengt frå 08:00 til 12:00 med gjennomkøyring kvar heile time. Deretter vil tunnelen halda stengt frå 16:00 til 19:00. Utrykningskøyretøy kan passera.
Også Gullringtunnelen mellom Skjolden og Luster vil halda stengt ei stund onsdag. Frå klokka 12:00 til 17:30 kan tunnelen bli stengt på periodar inntil 20 minutt. Utrykningskøyretøy kan passera.
Råumtunnelen vil vera stengt mellom 11:00 og 17:00 med gjennomkøyring kvart 30. minutt. Utrykningskøyretøy kan passera.
Røneidtunnelen er stengt frå klokka 08:00 til 18:00 med gjennomkøyring kvart 30. minutt. Utrykningskøyretøy kan passera.
Torsdag:
Råumtunnelen vil vera stengt mellom 08:00 til 13:00. Utrykningskøyretøy kan passera.
Deretter vil Ottatunnelen vera stengt frå klokka 13:00 til 19:00 med gjennomkøyring kvar heile time. Utrykningskøyretøy kan passera.
Røneidtunnelen er stengt frå klokka 08:00 til 18:00 med gjennomkøyring kvart 30. minutt. Utrykningskøyretøy kan passera.
Har vedtak til 5. juli
Alle tunnelane har vedtak til 5. juli 2019 i sommar, det sa Marius Råve til Porten.no i vår, men det er usikkert om alle tunnelane vil halde fram med arbeidet til denne datoen.
Så langt er det berre Røneidtunnelen som står oppført med arbeid langt fram i tid. Her skal det jobbast måndag til torsdag fram til torsdag 27. juni i følge Statens Vegvesen.
Tunnelarbeidet har skapt stor frustrasjon blant innbyggarane i Luster kommune, men no nærmar det seg slutten og kommunen står att med tre utbetra tunnelar langs fjorden.