Aurland: Seint laurdag kveld fekk Politiet inn ei bekymringsmelding. Fire personar som gjekk tur frå Aurlandsdalen til Vassbygdi kom ikkje fram innan tida dei hadde planlagd.
Litt over halv eitt meldte Politiet at Røde Kors hadde vore i kontakt med turgåarane, og at aksjonen vart avslutta.
– Det er dårleg vêr og store delar av området manglar mobildekning. Difor valde me å setje i gong ein aksjon, sa Arve Samsonsen hjå Politiets operasjonssentral til Porten medan aksjonen framleis pågjekk.