TIL HEKTENE: Her har «Mini» byrja å koma til hektene att ein del timar etter fødselen. Foto: Ole Bjarne Hovland
TIL HEKTENE: Her har «Mini» byrja å koma til hektene att ein del timar etter fødselen. Foto: Ole Bjarne Hovland

Firlinglammet «Mini» kjempa for livet

Lamminga har starta særs godt på Hovland gard, men for vesle «Mini» vart det ein litt røff start. Sjå video av nyfødde firlingar!

Årdal: Påska er lammetid – i år med sein påske også i den forstand at dei første lamma kjem til verda i sauefjøsane rundt om.

For sauebonde Ole Bjarne Hovland i Vikadalen har det starta upåklageleg.

– Det har starta utruleg bra; så langt har dei lamma på termin, og ingen har kasta. Det har hendt eg har hatt oppi ti lam som søyene har kasta før eg har fått noko levande. No er alle seks som har kome til verda i live, så det må vera ein svært god start.

Men eitt av dei seks lam fekk ein litt røff start.

Artikkelen held fram under biletet

FØRSTEMANN: Sauebonde Ole Bjarne Hovland (t.h.) og hjelpesmann Radek merkar det første lammet som, til verda på Hovland gard i år.
FØRSTEMANN: Sauebonde Ole Bjarne Hovland (t.h.) og hjelpesmann Radek merkar det første lammet som, til verda på Hovland gard i år.

– God råmjølk og godt stell

Natt til tysdag i påskeveka kom dei to første lamma til verda på Hovland gard for sesongen; to livskraftige lam av kvart kjønn.

Utpå morgonkvisten følgde søye nummer 50036 opp med firlingar. Når Porten.no er på besøk minuttar etter overstått fødsel har tre av lamma kome seg på beina og leitar etter spenene til mora.

Men fjerdemann ligg i eit hjørne og ser noko pjusk ut.

– No er det heilt i starten, og då er det mogleg å følgja opp dei som er fødde litt småe med god råmjølk og godt stell. Så eg trur dette kan gå bra, seier Hovland.

Han har ikkje tid til meir prat akkurat no; det litt medtekne lammet må få råmjølk via sonde for å overleva. Hovland tappar også opp ei flaske med varmt vatn og legg under lammet så det ikkje blir kaldt.

– No har det fått mat og varme. Då gjeld det å følgja med vidare, seier sauebonden.

Artikkelen held fram under videoen

Slepper aldri firlingar til fjells

Slik går dagane i sauefjøsane frå første halvdel av april fram mot 17. mai – det er lukkelege historier om livskraftige lam som klarar seg sjølve frå første stund, via meir dramatiske episodar med lam som held på å stryka med men kjempar seg gjennom dei første timane og overlever, til hendingar som endar med døden.

Viss den vesle firlingen klarar seg, vil den mest truleg bli adoptert, fortel Hovland.

– Eg slepper aldri søyer med fire lam til fjells. Då finn eg ei anna søye med mykje mjølk som har eitt eller to lam frå før og prøver å få den søya til å adoptera det fjerde. Så blir det mellom ti og tjue kopplam her på garden kvart år.

Artikkelen held fram under biletet

TRE STERKE: I tillegg til det vesle, litt pjuskne lammet fekk 50036 tre sterke lam som var kjapt på føtene for å få mat.
TRE STERKE: I tillegg til det vesle, litt pjuskne lammet fekk 50036 tre sterke lam som var kjapt på føtene for å få mat.

Han har 132 vinterfôra søyer. Ultralyden tilseier at det blir 324 lam i år.

– Eg jobbar på heiltid med sau, og då er det viktig at eg får lam i søyene og klarar å halda mest mogleg i livet. Då blir økonomien god, seier Hovland.

– Ligg det an til høveleg mange lam i høve talet på søyer i år?

– Sauen har jo berre to spenar, så to lam er det optimale. Men det er betre at det blir ein meir enn to enn veldig mange med eitt lam. Så ved å fôra søyene godt og gruppera dei no før dei lammar klarar dei tre lam fint. I alle fall med dei gode beitemoglegheitene me har her i fjellet.

– Det mest bêrekraftige og klimevennlege kjøtet ein kan få

Folk flest tenkjer nok på lammelår når dei høyrer ordan «lam» og «påske» i same setning. Og sjølv om Hovland neppe tenkjer på middagen når han høyrer ordet «lam» akkurat på denne tida, er det trass alt matproduksjon ein sauebonde driv med.

Og produksjonen av lam har vore større enn kva marknaden har teke unna den siste tida.

– Me som driv med sau meiner ikkje det er overproduksjon. Me meiner det er eit undersal. Det me produserer er noko av det mest bêrekraftige og klimevennlege kjøtet ein kan få, seier Hovland, og held fram: 

– No er sauene her inne i fjøsen i maksimalt ti dagar, så er det ut på grøne graset, så vidare på utmarka på første groen der, så til fjells på første groen der. Så då får dei beste maten heile vegen til dei kjem heim frå fjellet på hausten. Det smakar ikkje kraftfôr i det heile av lamma som blir slakta herifrå, det er ekte fjellgras dei lever opp på.

Artikkelen held fram under biletet

STOLT MOR: Denne søya starta lammesesongen i ordets rette forstand på Hovland gard.
STOLT MOR: Denne søya starta lammesesongen i ordets rette forstand på Hovland gard.

– Du ser lyst på framtida for sauenæringa?

– Eg ser lyst på denne måten å produsera mat på. Dette har framtida føre seg med dei moglegheitene me har med beita her. Me importerer 13 000 tonn storfekjøt til Noreg i året som me kunne ha klart å produsera sjølve, med utgangspunkt i utmarksbeite.

– Ved å erstatta storfekjøt med lammekjøt, meiner du?

– Eg tenkjer vel ein kunna ha prøvd å dreia litt av det over på lammekjøt, ja. Ein kan sjølvsagt ikkje tvinga folk til å eta noko spesielt, men eg trur ein del ikkje heilt har fått smakt ordentleg godt lammekjøt. Det kan vera mykje rart i butikken, særskild når det har vore underdekning av norsk lammekjøt, for då blir det importert ein del.

– Les på etiketten når du kjøper lammekjøt

Så til deg som skal finna lammekjøt i butikken til påskedagsmiddagen har Hovland følgjande tips:

– Det smakar sjølvsagt annleis av vaksen sau enn av lam, og dei har ulike moglegheiter for korleis dei pakkar og merkar kjøtet. Så viss du ikkje les på etiketten kan du få deg ei overrasking dersom du ikkje les på etiketten og et på noko som eigentleg ikkje var lam. Og då kjøper du gjerne ikkje lammekjøt att.

– Kva me menneske driv og et på om dagen er desse rundt oss lukkeleg uvitande om?

– Ja, det trur eg dei er. Dei tenkjer nok berre på å få i seg nok mat til å ta i mot lamma som kjem.

Artikkelen held fram under biletet

MAT: Kva me menneske et mykje av i påska verkar ikkje til å vippa desse søyene av pinnen - dei er mest fokuserte på sin eigen mat.
MAT: Kva me menneske et mykje av i påska verkar ikkje til å vippa desse søyene av pinnen - dei er mest fokuserte på sin eigen mat.

– Kva et de sjølve til påske her på garden?

– Me har byrja å ta tilbake eigne lam frå Nortura. Så i fjor tok eg tilbake ti lam. I kveld skal eg ta ned fenalåret mitt frå stabburet og smaka på det.

– Fylt med adrenalin

To av 132 søyer har gjort unna lamminga for i år. 130 er att, med andre ord. Sauebonden ser førebels lyst på livet.

STORE KLYPER: Lammet som vart merka får nummer 70001 sidan det var første lam ut på Hovland gard i år.
STORE KLYPER: Lammet som vart merka får nummer 70001 sidan det var første lam ut på Hovland gard i år.

– Akkurat no er ein fylt med adrenalin og klar. Ein har venta på at det skal starta nokre dagar, og no er det i gang. Men om du kjem att om fjorten dagar trur eg det er vanskeleg å få så mykje positivt. Då byrjar ein å koma på felgen, så er det framleis att fjorten dagar til.

– Det er ikkje no ein skal invitera deg med på fest?

– Nei, då skulle eg ha hatt gode folk, skulle du ha fått med meg på fest no framover. Tapet kan bli ganske stort om ein set nokon som aldri har vore i ein sauefjøs til å ha ansvaret etter når det er på topp.

Så lurer du sikkert på korleis det gjekk med «Mini». Utpå ettermiddagen same dag som den vesle firlingen kom til verda rapporterer Hovland at det vesle lammet klarar seg fint. Vedlagt er eit bilete av «Mini» som ligg harmonisk ved sidan av ein av søskena sine.

Til toppen