PASSAR PÅ: Håbakken kontrollstasjon.
PASSAR PÅ: Håbakken kontrollstasjon. (Foto: Arkiv)

Firma fekk over 17 tusen kroner i gebyr og person låg sovande usikra i køyretøy

Onsdag kveld og natt til torsdag hadde Statens vegvesen meir enn nok å ta tak i på kontrollstasjonen.

Lærdal: Føraren av eit vogntog fekk totalt fire gebyr for manglande kjettingar og dekk med for lite mønster. Frontruta på køyretøyet var full av ting som hindra sikt, så det enda med køyreforbod. Som om ikkje det var nok, vart føraren meld til politiet for brot på køyre- og kviletid. 

Eit firma fekk overlastgebyr på 17.750 kroner grunna overlast på vogntoget. Vekta måtte ned før vidare køyring. 

Ein førar av eit vogntog hadde kun hatt fire timar og 20 minutt som lengste kvileperiode i løpet av 24 timar. Det enda med politimelding. 

– Dette er ikkje bra, melder Statens vegvesen.

Køyrde strake vegen forbi kontrollen

Tilhengaren på eit vogtog vart avregistrert grunna manglande periodisk kontroll. I tillegg fekk føraren gebyr for fire dekk som var under minimum mønsterdjupne, samt åtvaring om køyre- og kviletid. 

Føraren av eit vogntog blei meld for å ikkje ha stoppa til skilta kontroll. I tillegg var det ein ekstra førar med i køyretøyet. Den ekstra føraren låg i senga i køyretøyet utan belte på. Det førte til beltegebyr. 

Ein førar køyrde rett forbi skilta kontroll, og hadde i tillegg merka vogntoget feil for å transportere farleg gods. 

– Dette er svært uheldig om vogntoget kjem ut for ei ulukke og redningsmannskap må inn og hjelpa til utan å vita at det er farleg gods om bord i transporteininga, melder Statens vegvesen. 

Elles blei det skrive ut eit vognkortgebyr og gjeve nokre åtvaringar om mindre brot på køyre- og kviletid. 

Til toppen