FOREDLA FISK FRÅ TYIN VERDAS BESTE: Årets 1.plass gjekk til Åsmund Stende frå Øye i Valdres. Han hadde fiska fisken i Geissmusstjednet, eit vatn som ligg litt aust for Tyin. Foto: Porten (Bilde: Porten tips)
SOLID TRADISJON: I år hadde VM i rakfisk 20 års jubileum. Foto: Porten tips. (Bilde: Porten tips)

Fisk frå Geissmusstjednet vart kåra til verdas beste i år, i Borgund sundag

Det var ikkje lett for dommarane å kåra den beste rakfisken. 

Lærdal: Laurdags kveld gjekk VM i rakfisk av stabelen for tjuande året på rad i Borgund samfunnshus. Om lag 130 gjester var til stades på arrangementet, der årets rakfisk skulle kårast.

Sjefskokk Frode Aga styrte kjøkkenet og underheldt gjestene med gode historier. Stemninga var som alltid god frå første stund.

– I år er det 20-års jubileum, det er stas. Det er eit flott arrangement, seier Jan Geir Solheim.

Stor oppgåve for dommarpanelet

Det var ei stor oppgåve for dommarpanelet å finne fram til den beste rakfisken i år. Henry Gram, Kjell Olav Cock, Brita Einemo Zwart og Nils Nordaker var dommarane i årets VM. Einemo Zwart har vore dommar i 18 av 20 år, medan Nordaker var ny dommar i år.

VANSKELEG OPPGÅVE: Dommarane smakar seg fram til den beste rakfisken. Foto: Porten tips.

Etter nøysam prøvesmaking og vurdering var det fiskaren frå Valdres, Åsmund Stende, som fekk den gjevaste prisen under årets VM. Den stolte vinnaren hadde drege i land vinnarfisken ved Geissmusstjednet som ligg litt aust for Tyin.

Vinnarane av årets VM i rakfisk

1.plass : Åsmund Stende frå Øye i Valdres med fisk frå Geissmusstjednet.

2.plass : Anne Karin Brugrand med fisk frå Kvevotni.

3.plass : Kjell Stende frå Øye i Valdres med fisk frå Steinbusjøen.

4.plass : Linda Uglenes og Hanne Ødegård med fisk frå Søre Sul.

5.plass : Edwin Hauge med fisk frå Kvevotni.

Til toppen