Fiska ulovleg i Lærdalselva

Fiska ulovleg i Lærdalselva

Då mistar ein fiskeutstyret sitt.

Fredag kveld skriv politiet i Sogn og Fjordane på sin Twitter-konto at ein mann i 20-åra er anmeldt for ulovleg fiske.

Rundt 17-tida blei ein mann teken i å fiska ulovleg i Lærdalselva. I fjor starta laksefiske i juni, så mannen i 20-åra var nok nokre månader for tidleg ute i den elles populære elva.

Uansett, det løner seg ikkje å tjuvfiske. Politiet melder at dei har beslaglagt fiskeutstyret.

Til toppen