HENTA OPP: Ein person vart henta opp frå Lærdalselvi klokka 1426 måndag. Personen vart henta opp på sørsida av elva, rett vest for sjukehusbrua og luftambulanse kom til, men livet stod ikkje til å redda. Foto: Porten-tipsar

Fiskar erklært død etter å ha hamna i elva

Helsepersonell prøvde å gjenoppliva fiskaren, men vedkomande vart erklært død klokka 1530.

Lærdal: Politiet melder på Twitter klokka 1450 at det er teke opp ein person frå Lærdalselvi etter at det klokka 1413 kom meldingar om observasjonar av at ein person flaut i elva. Personen vart teken opp klokka 1426.

I meldinga står det vidare at gjenoppliving har starta og at naudetatane er på staden.

Ifølgje Sogn Avis er det snakk om ein fiskar som er teken opp i nærleiken av sjukehusbrua. 

Politiet twitrar klokka 1505 at vedkomande hadde vadarar og at luftambulansen er på staden. Klokka 1515 melder politiet at det er snakk om ein utanlandsk borgar i 70-åra.

Ifølgje folk på staden reiste luftambulansen kring klokka 1545 og klokka 1550 twitra politiet at personen vart erklært død klokka 1530. Vidare at varsling av pårørande har starta.

Til toppen