LÅG VASSTAND: Når det er lite vatn i elva, bør ein bruke ei line som flyt på vatnet. Her er Kai Finbråten i elva Utla. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
LÅG VASSTAND: Når det er lite vatn i elva, bør ein bruke ei line som flyt på vatnet. Her er Kai Finbråten i elva Utla. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Fiske og kodeknekking

Laks og sjøaure i elv vert rekna som vanskelege fiskar å fange. 

– Å finne teknikken med flugefiske kan samanliknast med ein kode som må knekkast, fortel kursleiar Jaran Gustavsen. Han og Kai Finbråten frå Loop er i Årdal i helga for å syne fram det nyaste innan utstyr til flugefiske. 

Teknikk og riktig utstyr

Diverse fiskestenger til flugefiske
Eit utval fiskestenger.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

For å ha best mogleg sjanse til å lykkast med flugefiske, er det viktig med riktige teknikkar og kjennskap til elva ein skal fiske i.

Kva line ein brukar er avhengig av vasstanden i elva. – I ei elv med lite vatn nyttar ein ei flytande line, seier Gustavsen.

Når det kjem til fiskestenger, fins det eit utal alternativ. Ein kan nytte eihandsstang eller tohandsstang, noko som kjem an på kva fisketeknikk ein brukar. 

Som med alle andre hobbyar, er det fort det vert ein kostbar affære. For mellom 3000 og 4000 kroner kan ein få komplett utstyr som fungerar i byrjinga. – Erfaringane tilseier at om ein kjøper ei billig stang til 1500 kroner, så vert den bytta ut til neste sesong likevel, fortel Gustavsen. Han anbefalar heller å leggje litt meir pengar i den fyrste investeringa for å få eit godt utgangspunkt. 

Fiskeglød

Å vere sportsfiskar handlar om meir enn berre å få fisk på kroken. Alle førebuingane før ein kastar snøret er ein stor del av hobbyen.

Artikkelen held fram under biletet.

Ei fluge til flugefiske
FLUGE: Farge og storleik på fluga har mykje å seie for om fisken bit på.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

"Er vatnet klårt?" og "er himmelen lys eller mørk" er typiske spørsmål ein flugefiskar stiller seg sjølv medan han gjer klar fiskeutstyret. – I nattemørket fungerar det best med mørke fluger, seier Finbråten og forklarar at ein må tenkje på korleis det ser ut for fisken. 

Men kva som er super-oppskrifta for å få fisk på kroken, er framleis ukjend.
– Då hadde det ikkje vore mykje fisk att i elvene, smiler Svein Jarle Moen, formann fiskeutvalet i Årdal jeger og fiskeforenining.

Matauk

Mange sportsfiskarar får spørsmålet om kvifor dei slepp fisken ut att i vatnet, istadenfor å bruke det til mat. – Fisken me får på kroken vert til ein viss grad nytta til mat, men det er ikkje vits å fylle opp frysen med fisk om den ikkje vert ete, seier Gustavsen.

Både han og Moen seier seg einige i at dei fleste flugefiskarane fiskar for interessa sin del, og ikkje for å få mat på bordet.

Kva er det beste med flugefiske?

– Det å leggje att mobiltelefonen i bilen og stå ved elvebredda i fred og ro, seier Gustavsen. 

Moen legg til at det sosiale med hobbyen er minst like viktig. – Nokre gonger vert ein berre sitjande å drikke kaffi og prata om fiske med andre fiskarar, seier han. 

Artikkelen held fram under biletet.

Kai Finbråten, Svein Jarle Moen og Jaran Gustavsen
FRILUFTSHOBBY: Å stå i ei elv med fiskestonga er ein form for terapi, meinar dei tre fiskarane. Frå venstre: Kai Finbråten, Svein Jarle Moen og Jaran Gustavsen.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Lokal interesse

Det er eit bra fiskarmiljø i Årdal. – For å auke rekrutteringa av fiskarar, lagar me til ulike arrangement for både vaksne og unge, nybyrjarar og drevne fiskarar, fortel Moen. 

I midten av august i år arrangerar Årdal Jeger og Fiskerforening fiskekonkurranse ved Damvoktarboligen på Sletterust. Moen fortel at i fjor var det over 100 påmeldte til konkurransen. 

På planen er og eit kurs i praktisk flugefiske som går av stabelen 2. og 3. august. Då kjem Jaran Gustavsen og Kai Finbråten attende til Årdal for å halde kurs og gje informasjon om fiskeutstyr. Det trengs 10 påmeldte til kvar kursdag, og ein kan melde seg på allereie no. 

Til toppen