RØMMING: Førre måndag vart det oppdaga at tusenvis av laks hadde rømt frå ventemerdane hos Slakteriet Brekke AS i Instefjord.
RØMMING: Førre måndag vart det oppdaga at tusenvis av laks hadde rømt frå ventemerdane hos Slakteriet Brekke AS i Instefjord. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Fiskehelsebiolog: – Ikkje sløy rømd oppdrettslaks i fjøra

Dersom du fiskar ein rømd opprettslaks som er smitta med Pancreas Disease, kan sloet bere med seg smitte til annan fisk.

Gulen: Førre veke rømde over 17.000 slakteklare laksar frå Slakteriet Brekke AS i Instefjord. Fisken var vaksinert mot fiskesjukdommen Pancreas Disease (PD), men det vart kjent at nokre av desse likevel har viruset.

– Når du skal kvitte deg med sloet i fisken, må du ikkje hive det ut i fjøra. Det er i sloet smittematerialet er, seier Camilla Vallestad, fiskehelsebiolog i Akvavet Gulen AS. 

Ho har både sett sjølv og fått melding om at fiskarar har fått rømd laks på kroken, for så å sløye fisken i fjøra. Sloet vert anten lagt att der eller kasta på sjøen. Dette har også førekomme i nærleiken av andre oppdrettsanlegg. 

– Sløy heime eller ta med sloet

Virussjukdommen PD går på fordøyelsessystemet til fisken. Smitta fisk er ikkje farleg å ete for menneske, men det kan liggje att smittemateriale i tarmane og indre organ av fisken som kan smitte over til annan fisk, fortel Vallestad. 

Det er vanleg prosedyre å kaste slo på sjøen eller i fjæra når ein fiskar, men ho ber dei som fiskar opp rømd laks om å prøve å unngå dette. 

– Sløy heime, eller ta sloet med deg heim, og kast sloet i vanleg avfall. Det er eit ganske enkelt tiltak for å hindre smittespreiing, seier fiskehelsebiologen. 

Mange set ut ny fisk

Ifølgje Vallestad set mange oppdrettsanlegg ut ny fisk på seinsommaren eller tidleg haust. Ho ønskjer ikkje at den nye fisken skal bli smitta av PD fordi smitta laks eventuelt vert sløgd i nærleiken av den. I tillegg kan sjukdommen også smitte villfisk. 

– I dette tilfellet når det er så mykje fisk som har rømt og mange fiskar den opp, så ønskjer me å vere på den sikre sida, seier Vallestad. 

Ho legg til at sjukdommen er ganske vanleg førekommande, så om annan fisk skulle bli smitta er det ikkje sikkert det kjem frå den rømde laksen. Det er likevel best å ta førehandsreglar, meiner Vallestad. 

Held fram gjenfangsten

Etter hendinga beklaga Slakteriet Brekke AS, og seier arbeidet med å samle inn att fisken er i gang. Verksemda har også avtalar med lokale fiskarar om å aktivt fiske opp laksen i høve til Fiskedirektoratet sine retningslinjer. 

– Det er bra at folk fiskar opp igjen fisken. Ein melde i frå kor mange ein får, slik at ein veit kor mange som er igjen, seier Vallestad. 

Ifølgje ei pressemelding frå Slakteriet Brekke onsdag ettermiddag er 3074 laksar fiska opp att. Gjenfangsten vil halde fram så lenge fiskeridirektoratet meiner det er behov for det. 

Det var eit hol i ei not som var årsaka til rømminga. Verksemda arbeider no med å oppfylle krav frå Fiskeridirektoratet om miljøundersøkingar og uttak av rømt oppdrettsfisk i 15 vassdrag langs Sognefjorden. 

– Til dagen gjer me alt for at slike hendingar ikkje skal oppstå. Når uhellet likevel er ute er dette noko av det verste som kan skje hos oss, og me iverkset tiltak etter vår eigen plan og det som er pålagt av myndigheitene, skriv Slakteriet Brekke AS pressemeldinga. 

Politiet har no fått saka oversendt frå Fiskeridirektoratet. 

Mowi AS som har oppdrettsanlegg i nærleiken ønskjer ikkje å kommentere saka. 

Til toppen