Aurland: – Fjelloppsynet har hatt eit samarbeid med skulane i tjue år der me har teke med første til fjerde klasse på fjellfiske. Tanken er å både vekkja interesse for fisking, at ungane blir kjende i området og får eta det dei er med på å fanga sjølve, seier fjelloppsyn Harald Skjerdal i Aurland fjellstyre.
Elevane er med på garnfiske over fire dagar i løpet av ei veke - to klassar frå tilhøvesvis Flåm skule og Aurland barne- og ungdomsskule kvar av dagane.
Har fungert godt som tynningsfiske
– Dette gjer me kvart år, så ungane er på fisking fire år på rad.
– Likar dei å eta fisken dei fangar?
– Ja, me fyrer alltid opp bål og steikjer fisken i grovsalt på ei steinhelle. Det ser ut til å vera ein måte å tilbereda fisken på som fell i smak. Nesten alle et av fisken, og ikkje sjeldan tykkjer dei som er mindre begeistra for fisk i utgangspunktet at auren smakar godt på dette viset.
Fiskinga gjekk føre seg førre veke. Vatnet dei fiskar i kvart år ligg i Stemmerdalen i Aurlandsdalen.
– Me valde Veslebotnvatnet der inne fordi det byrja å bli vel mykje fisk i det; fisken var liten og småfallen. Så dette har også fungert som tynningsfiske. Resultata har kome dei siste åra; no er fisken stor og fin i dette vatnet, mykje opp mot rundt halvkiloen. Faktisk har ungane fiska så bra at me kanskje må setja ut att litt.
Artikkelen held fram under biletet

Ei gruppe fekk 16 fiskar
– Korleis var det med fiskelukka i år, då?
– Det starta svært bra - den første gruppa frå Flåm skule fekk faktisk seksten aurar i garnet, mange fine opp mot halvkiloen. Så gjekk det litt nedover - siste gruppa frå Aurland barne- og ungsomsskule fekk berre ein. Så det spørst om Flåm skule fiske vel hardt, seier Skjerdal spøkefullt.
Fjelloppsynet i Aurland har også eit årleg opplegg der 7.klasse er med på prøvefiske i ulike vatn. Til saman er 80-90 ungar frå skulane i Aurland med på desse fiskeopplegga kvart år.