FISKELUKKE: Bak frå venstre: Jarand Oksnes og Sølve Oksnes fekk førsteplassen for største fisk (936 gram). Nummer tre frå venstre Tor Helge Solberg for minste fisk (16 gram). Framme frå venstre: Ullrik og Iver Søhoel fekk førsteplassen for flest fisk (54 stykk) og førsteplassen for mest mengde fisk (4600 gram).
FISKELUKKE: Bak frå venstre: Jarand Oksnes og Sølve Oksnes fekk førsteplassen for største fisk (936 gram). Nummer tre frå venstre Tor Helge Solberg for minste fisk (16 gram). Framme frå venstre: Ullrik og Iver Søhoel fekk førsteplassen for flest fisk (54 stykk) og førsteplassen for mest mengde fisk (4600 gram). (Bilde: Karita Nes)

Fiskelukke på Hafslovatnet

Den årlege fiskefestivalen gjekk av stabelen denne helga. 

Nina Cirotzki prøver fiskelukka uti Grøt på Hafslo i nydelig solskinn. 
Nina Cirotzki prøver fiskelukka uti Grøt på Hafslo i nydelig solskinn.  Foto: Karita Nes

Luster: Tiandeklassen ved Hafslo barne- og ungdomsskule arrangerte den årlege fiskefestivalen som gjekk av stabelen laurdag denne helga.

Fiskarar i alle alderar kunne prøve lukka med stong og båt og få premie for største fisk og minste fisk, samt flest fisk og mest kilo.

Karita Nes seier til Porten.no at det var veldig god påmelding i år trass mykje aktivitet rundt om i bygdene.

– Vi hadde hesteskokasting, tippekonkurransar og mange flotte premiar, seier Nes.

For dei som ikkje hadde lukka var det mogleg å kjøpe seg fløytelappar, sveler, pizzaboller og kaker.

Til toppen