PLANAR FOR HOLSBRUVATNET: Årdal Jeger- og fiskerforening vil skape ein arena for barn og unge ved Holsbruvatnet. Her ønskjer dei å byggje ei brygge og ein gapahuk som folk kan nytte, fortel Vidar Moen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PLANAR FOR HOLSBRUVATNET: Årdal Jeger- og fiskerforening vil skape ein arena for barn og unge ved Holsbruvatnet. Her ønskjer dei å byggje ei brygge og ein gapahuk som folk kan nytte, fortel Vidar Moen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkivfoto)

Fiskerforeninga har spennande planar for Holsbruvatnet

Årdal Jeger- og Fiskerforening (ÅJFF) vil lage ein arena for opplæring i friluftsliv og håpar å få med seg fleire barn og unge ut i naturen.

Årdal: Fiskerforeninga, som er 70 år i år, ønskjer å lage eit aktivitetsområde av Holsbruvatnet, der dei ønskjer å leggje til rette for tiltak for barn og unge knytt til friluftsliv. Målet er å skape ein arena som har låg terskel for bruk, og som kan nyttast heile året.

Vatnet ligg på om lag 750 meter over havet like ved fylkesveg 53. Med bil tar det omtrent ti minuttar å køyre frå sentrum i Øvre Årdal.

– Holsbru er ein liten idyll som var mykje brukt før, men bruken har dabba litt av, spesielt etter siste kraftutbygginga og då det kom opp autovern langs vatnet. ÅJFF har tilrettelagt for aktivitet i mange år, men aldri heilt lykkast med å få med dei unge. Difor blir dette ein arena for unge, seier leiar i foreninga Vidar Moen.

Brygge og gapahuk

Med ei 4H-gruppe i vekst i kommunen og eit aktivt Barnas Turlag ser han føre seg at området kan nyttast av fleire aktørar. 

Her vil ÅJFF leggja til rette for fiske langs vatnet på vegsida. Dessutan vil dei byggja ei brygge for kano og båt. På sørsida av vatnet vil dei rydde vekk skogen på halvøya og setje opp ein gapahuk og bålplass. Også ei informasjonstavle med informasjon om tiltaket og bruket skal setjast opp ved brygga.

– Det skal vera lågterskel og lett å koma til. Me kjem også til å kjøpa inn to kajakkar som folk kan låna for å koma seg over på andre sida. 

Bidreg til positivt omdømme av bygda

Totalt har prosjektet ein prislapp på drøye 300.000 kroner. Prosjektet er allereie avklart med grunneigar, og no pågår ein søknadsprosess. Tysdag fekk dei 80.000 kroner i tilskot frå Årdal kommune. Frå før har ÅJFF fått pengar frå både Indre Sogn Sparebank og Hydro Aluminium.

– Dette er ei forening basert på frivillighet, og med sine 488 medlemmar er dei ei av dei største Årdal. Dei har mellom hatt ein fiskekonkurranse årleg som bidreg til å auke aktiviteten, og Senterpartiet ser på det som positivt at dei vil skape ein slik arena, sa Thomas Norheim Moen (Sp) i møtet tysdag.

Målet er å ferdigstilla prosjektet i løpet av sommaren. Vidar Moen håpar tiltaket er eit positivt bidrag inn i lokalsamfunnet.

– Dette er ikkje noko som skal vere for oss åleine. Eg tykkjer det er viktig å jobba for eit positivt omdømme og inntrykk av Årdal. Dette handlar rett og slett om omdømmebygging med fisket i elva, moglegheit til jakt og bruk av hyttene. Holsbru er ein innfallsport til bygda.

Til toppen