STENGT: Fjærlandstunnelen blir truleg stengt i fleire dagar etter brannen i ein feiebil seint måndag kveld. Foto: Webkamera, Statens Vegvesen 
STENGT: Fjærlandstunnelen blir truleg stengt i fleire dagar etter brannen i ein feiebil seint måndag kveld. Foto: Webkamera, Statens Vegvesen 

Fjærlandstunnelen blir stengt i fleire dagar

– Førebels er det for tidleg å seie noko om kor lenge tunnelen blir stengd, men det vil truleg dreie seg om fleire dagar, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

– Me skal ha geolog inn i tunnelen no i føremiddagstimane for å sjekke fjellet i tunnelen, og me må få oversikt på om det er skader på det elektriske anlegget og tunnelviftene, seier Finden i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Etter at ein feiebil tok fyr i tunnelen rundt klokka 23.00 i går kveld, vart tunnelen stengt for trafikk og personane som var i tunnelen vart evakuerte og frakta til Førde sentralsjukehus.

Les også: Feiebil tok fyr i tunnel – 13 personar røykskadde

– Førebels er det for tidleg å seie noko om kor lenge tunnelen blir stengd, men det vil truleg dreie seg om fleire dagar, seier Finden vidare.

Trafikken er omdirigert via rv/fv. 55 via Høyanger og fergesambandet Dragsvik-Hella.

– Me har folk ute for å følgje med på trafikkavviklinga på omkøyringsvegen, og me vil sette inn ekstraferjer på nattestid, seier Finden.

Vegvesenet opplyser at dei kjem tilbake med meir informasjon så snart dei har fått betre oversikt over situasjonen.

Til toppen