Sogndal: Vegtrafikksentralen melde klokka 14:42 at Fjærlandstunnelen var stengt på grunn av bilberging.
Politiet opplyste at ein bil hadde køyrt opp på ein støypekant inne i tunnelen, og ikkje kom seg ned derifrå utan hjelp. Ingen personar hadde kome til skade.
Til Porten.no opplyste vegvesenet at bilbergar var på veg.
– Men det går fort tre kvarter før han er der. Det er ikkje noko alvorleg, men ein førar som treng assistense, sa trafikkoperatør Jan Erikstad klokka 14:49.
Like etter meldte vegtrafikksentralen om truleg opning klokka 15, men det viste å vera ein time for optimistisk. Forventa opning var 16:00.
– Dette var menneskelig svikt og me legg oss paddeflate, skriv operasjonssentralen.
Like før den annonserte tida vart tunnelen opna att.