KRITISKE: Aksjonsgrupper mot vindkraft i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordhordland er kritiske til svaret kommunedirektør i Fjaler, Bente Nesse, gav i ein artikkel i Firda etter at Lutelandet Energipark AS har søkt om dispensasjon for å auke storleiken på vindturbinane på Lutelandet.
KRITISKE: Aksjonsgrupper mot vindkraft i Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordhordland er kritiske til svaret kommunedirektør i Fjaler, Bente Nesse, gav i ein artikkel i Firda etter at Lutelandet Energipark AS har søkt om dispensasjon for å auke storleiken på vindturbinane på Lutelandet. (Illustrasjonsfoto: Flickr/Susanne Nilsson)

MEININGAR

Fjaler-rådmannen på ville vegar i vindkraftsak

– Når Bente Nesse legg seg så flat for NVE, så er det ikkje berre skadeleg for Fjaler, men for alle kommunar som no kjempar for at lokaldemokratiet skal få større gjennomslag i vindkraftsaker, skriv Ingun Kjelstad og Astrid Sandvik på vegner av fleire aksjonsgrupper mot vindkraft i innlegget.

Meiningar: Kommunedirektør Bente Nesse i Fjaler kjem 8. januar med ein oppsiktsvekkande påstand i Firda. At Fjaler kommune faktisk ikkje kan seie nei til søknaden frå Lutelandet Energipark om dispensasjon frå kommunen sin reguleringsplan for å kunne bygge vindturbinar med rotordiameter på 150 meter.

– Då vil tiltakshavar kunne gå til departementet som kan gjere reguleringsplanen om til ein statleg arealplan. Då blir konsesjonen bindande for framtidig arealbruk i området og erstattar tidlegare planvedtak, seier Nesse.

Plikt til sjølvstendig vurdering

Som utøvar av rådmannsinstituttet har Nesse ei plikt til å gjere er ei sjølvstendig vurdering, og i denne saka har ho ein godkjent kommunal reguleringsplan for Lutelandet i ryggen. Når Nesse legg seg så flat for NVE, så er det ikkje berre skadeleg for Fjaler, men for alle kommunar som no kjempar for at lokaldemokratiet skal få større gjennomslag i vindkraftsaker.

Fjaler kommune har sjølvsagt fullt høve til å seie ja eller nei til spørsmål som blir regulerte etter plan- og bygningslova, heilt uavhengig av kva NVE måtte ha vedtatt i ei kvar sak. At kommunen kan bli overkøyrd i ettertid, er eit heilt anna forhold. Dersom kommunedirektøren brukar faren for overkøyring som unnskyldning for å seie ja til dispensasjon, er det, etter vår meining, rein tenesteforsømming.

Det verkar som direktør Nesse ser seg om etter ein utveg til å seie ja til dispensasjon.  Men om kommunen står på retten sin til å seie nei slik Bjerkrein kommune har gjort til ein LNF-plan (landbruk-natur-friluftsliv), er det slett ikkje sikkert at  ein klage frå utbyggaren betyr at Olje- og energidepartementet (OED) vil gå for ein statleg reguleringsplan.

Nei vert truleg oppretthalde

OED kjenner utmerka godt til stormen av protestar mot vindkraftutbygging i distrikts-Norge, og departementet har fått ein ny olje og energiminister, Sylvi Listhaug, som er kritisk til vindkraft. Overkøyring av lokaldemokratiet med ein statleg plan vil sitte langt inne hos henne. Det vil vere direkte tåpeleg av Listhaug å begynne sitt regime i OED med å overkøyre lokaldemokratiet i ein kommune.

I media var ho tidleg ute der ho snakka om kompromiss og om å lytte til lokaldemokratiet.

Seier Fjaler nei, så er sjansen stor for at det blir oppretthalde. Det vil også sende eit signal til NVE om at kommunen meiner alvor når eit fleirtal i kommunestyret har vedteke at ein ikkje ønskjer vindkraftutbyggning i Fjaler i framtida. Det kan vere godt å ha når andre vil prøve seg på vindkraftprosjekt rundt om i kommunen, i staden for eit signal om at den statlege arrogansen berre kan halde fram i vindkraftsaker.

Til toppen