Årdal: – Det er mykje fint terreng i Årdal som passar fint til å gå på randoneski, seier Kristian Lien.
Han var ein av dei som hadde funne vegen heilt opp til fjellhytta på Seimsåsen aktivitetssenter for å møta andre fjellsportinteresserte denne onsdags kvelden.
Lien byrja med å gå på randoneski før Fjellsportgruppa i Årdal vart skipa, og er glad for at det har kome på plass ei interessegruppe som kan samkøyra turar og ta initiativ til felles aktivitetar. Fjellsportgruppa til Årdal Turlag vart skipa på slutten av fjoråret.

Tilstellinga onsdags kvelden var eit samarbeid mellom denne Fjellsportgruppa og skigruppa til Årdalstangen idrettslag. Arrangementet var både ein skule i fjellsportliv, og ei samkome for dei som er interesserte i dette.
Stor pågang
So stor var interessa for fjellsportmøtet, at arrangøren laut rykka ut på facebook og stengja arrangementet for fleire påmeldingar tidleg på onsdagen. Dei var redde det kunne verta for trongt i hytta.
– Det er veldig gledeleg at fleire ynskjer å ta i bruk Seimsåsen. Og positivt at so mange unge, spreke, skiglade folk ynskjer å engasjera seg, seier Even Vee frå skigruppa til Årdalstangen.

Etter fyrst å ha stått i bresjen for å servera vaflar og kaffi, sa Vee til dei frammøtte at no gjaldt det om å snakka saman, verta kjende og planleggja fjellsportaktivitetar i lag.
– Det var interessant og inspirerande å vera der. Og so fekk me nyttige tips, ikkje minst om gode turløyper på Filefjell, seier Kristian Lien.
Føredragshaldar frå Filefjell
Glenn Roar Berge hadde teke turen frå Tyin for å halda føredrag om vilkåra for å stå på randoneski på Filefjell. Han er fjellsportguide der. Han snakka òg litt om kva Tyin Aktiv tilbyd. Mellom anna arrangerer dei skredkurs.
Han fortalde at fjellheimen omkring Tyin har so mykje å by på for sportsglade, at sjølv durkdrivne skientusiastar frå Hemsedal kjem heile vegen til dei for å stå på ski.

– Me har både meir snø og meir urørt snø enn i dei fleste andre stader i landet, la han til.
Fjellguiden fortalde litt om forskjellige toppar på Filefjell, og heldt fram Stølsnøse som den aller finaste toppen til å driva med fjellsport.
Dei lokale skisportentusiastane rosar tilhøva i Årdal
Even Gundersen Vee frå skigruppa på Årdalstangen ville ikkje vera snauare enn representanten frå Valdres. Framfor møtelyden rosa han fjella omkring Seimsåsen for å vera ypperlege for fjellsport.
Som praktdøme heldt han fram landskapet i Bjørnaholten, som er det fjellet i Årdal der flest folk står på randoneski, og som høver godt for nybyrjarar.
Martin Walderhaug frå fjellsportgruppa er samd med Vee.

– I Bjørnaholten er det forskjellige terreng, og ein kan variera kva for brattleik ein vel seg ut, alt etter lyst og evne. Det er fint å ta dei fyrste turane på randonneski i turterrenget på Seimsåsen, seier han til Porten.no.
Walderhaug ser alt ein tydeleg trend.
– Stadig fleire søkjer seg til Seimsåsen for å stå på randoneski, seier han.
Even Vee håpar at den gryande trenden vil visa seg tydeleg på Seimsåsen denne helga. – Det er meldt veldig fint vêr både laurdag og sundag, og eg håpar at mange folk møter opp for å ta seg ein skitur.