Fjellkommune midlar

fylkesmannen



Sogn og Fjordane < Fjellet som fritidsarena- utlysning av midlar
Hopp til menyen

Fjellet som fritidsarena- utlysning av midlar

20 millionar kroner er satt av til verdiskapning og næringsutvikling i fjellområda. Oppland fylkeskommune har ansvaret for å forvalte midlane. Fristen for å søke om støtte er 1. juli 2015.

Satsinga er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målet er å styrke grunnlaget for økonomisk verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda ved å satse på kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon i næringslivet.

Kven kan søke?

Enkeltbedrifter kan ikkje stå som einaste søkar, men bedrifter i nettverk er velkome til søke. Det same er lag, organisasjonar, frivillige, offentlege aktørar som kommunar og fylkeskommunar, kunnskapsmiljø, utviklingsaktørar osv. Det vil telje positivt om aktørar frå privat sektor, offentleg sektor og kompetansemiljø samarbeider.

Kva vert prioritert?

Temaet «Fjellet som fritidsarena» har hovudprioritet i 2015. Søknader kopla til bruk av hytter og fritidseigedomar vert prioriterte. Døme på tema:

kortreist mat og opplevingar
aktivitets- og arrangementsutvikling
kompetansetiltak
tilbod som aukar bruken av fritidsbustadar
friluftsliv/folkehelse
utmarksnæring
fjellandbruket i eit opplevingsperspektiv
kommunal tilrettelegging og prioritering

Større regionale prosjekt vert prioriterte framfor mindre prosjekt med lokal effekt. Det vil også vere positivt om prosjekta har overføringsverdi til andre område eller prosjekt.

Fjellkommune?

Ein kommune vert definert som fjellkommune om over 50 % av arealet er over 700 moh. (Nord- Trøndelag 600 moh.). Definisjonen gjev grunnlag for 77 fjellkommunar i Sør-Noreg. I Sogn og Fjordane vert desse definert som fjellkommunar: Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Jølster og Stryn. 

Les meir i rapporten: Definisjon av kva som er rekna som fjellområde.

Søknad skal sendast her: Registrering og innsending av søknad regionalforvaltning.no.

For meir informasjon

Ola Idar Løkken
Oppland fylkeskommune
ola.idar.lokken@oppland.org
61 28 92 95

Til toppen