BART: Slik ser det ut ved Honing bru på E16 over Filefjell. Foto: Webkamera/Statens vegvesen. 
BART: Slik ser det ut ved Honing bru på E16 over Filefjell. Foto: Webkamera/Statens vegvesen. 

Fjellovergangane er opne

Uvêret som var venta har ikkje ført til stengte fjellovergangar førebels.

Årdal/Lærdal: Torsdag sendte Meteorologisk institutt ut obs-varsel der dei varsla om ekstremt mykje nedbør i løpet av kort tid i Sogn og Fjordane. 

Førebels ser det ut til at det ikkje fører til store utfordringar i Indre Sogn. På fjellovergangane blir det meldt om køyrbare forhold austover.

Både på E16 Filefjell og riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er vegen bar. Det er plussgrader, så her regnar det.

På fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin er det også ope. Her blir det meldt om isdekke, plussgrader og regn. Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland var stengt i ein periode, men er no opna att. 

Til toppen