Indre Sogn: Den sterke vinden har tagna, og fjellovergangane har opna att den eine etter den andre. Vikafjellet held derimot stengt i dag.
OBS-varselet som meteorologisk institutt sende ut sundag slo til for fullt, men tysdag har altso vinden løya.
Her får du oppdatert status på vegane:
- Filefjell er open. Men det er dårleg sikt og det blæs. Vegtrafikksentralen opplyser at det likevel ikkje er so verst å køyra der no, verre er det å køyra gjennom Valdres for å koma seg dit.
- Fjellovergangen mellom Aurland og Hol er òg open. Det blæs ein lett bris og snøen lavar ned, men om bilistane er varsame bør det ikkje by på problem.
- Vegtrafikksentralen legg vekt på at særleg Hemsedal-overgangen har vorte merkbart betre sidan måndag. Det er redusert sikt og blæs ein lett bris, men «det er ikkje so ille» der.
- Årdal-Tyin opna for fri ferdsle tysdag omlag klokka tolv om dagen. Det er laber bris og lette snøbyger. I utgangspunktet skal det vera greie vegtilhøve, men biletet frå Tyinosen over indikerer at sikta ikkjer er god tysdag ettermiddag.
- Vikafjellet vert ikkje opna i dag (tysdag) melder vegvesenet.