KOLONNEKØYRING: Måndag er det berre Filefjell og Hemsedalsfjellet som er opne mellom aust og vest. Begge stader er det kolonnekøyring. Foto: Ron Holan (Arkiv).
KOLONNEKØYRING: Måndag er det berre Filefjell og Hemsedalsfjellet som er opne mellom aust og vest. Begge stader er det kolonnekøyring. Foto: Ron Holan (Arkiv). (Foto: Ron Holan)

Fjellovergangar er stengte – vêret blir verst i ettermiddag

Det er ikkje fri ferdsle på nokon av fjellovergangane mellom aust og vest. I ettermiddag skal ekstremvêret «Urd» vere på sitt verste.

Årdal/Lærdal: Det er sendt ut ekstremvarsel i forkant av stormen «Urd» som ifølgje vêrvarslinga skal vere på sitt verste måndag ettermiddag og kveld.

Rundt 14.00 er det ikkje fri ferdsle på nokon av fjellovergangane, og både politi og Vegvesenet ber folk halde seg innandørs eller late bilen stå.

– Statens vegvesen oppmodar folk som ikkje må ut på reise 2. juledag om å la bilen stå. Årsaka er ekstremværet «Urd», som er venta å kome med svært kraftig vind og mykje nedbør, skriv Statens vegvesen. 

– Vegvesenet har eit ønske om at folk skal ferdast trygt på vegane våre. Med eit ekstremt vêr i vente, kan det oppstå uføresette og farlege hendingar. Difor ønskjer me minst mogeleg trafikk når uvêret står på som verst.

– Ikkje verre enn «Dagmar»

Ifølgje meteorolog Stein Skare er alle elementa som kvalifiserer til ekstremvêr oppfylt, men han seier til yr.no at det har vore kraftigare stormar før.

– Me kan absolutt ikkje samanlikne med «Dagmar». Det var noko heilt anna, seier han til yr.no.

Stengte fjellovergangar

Både Hol-Aurland og Tyin-Årdal er stengt og vert ikkje opna att i dag, medan det er innført kolonnekøyring på Filefjell og Hemsedalsfjellet.

Det er venta vindkast på 35-45 meter per sekund måndag ettermiddag. Vinden vil først minke i kveld og i løpet av natta, først i nordlege område. Langs kysten er det venta bølgjer opp i 20-25 meter, medan vasstanden er venta å auke med 60-85 centimeter.

Fleire stader i Sogn og Fjordane var det glatt og nullføre måndag føremiddag, og politiet ber difor dei som absolutt må ut på vegen på om å køyre forsiktig. 

Slik er stoda på fjellovergangane

  • E16 Filefjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Gjeld inntil vidare.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Gjeld inntil vidare.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Stengt. Vert ikkje opna att i dag.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt. Vert ikkje opna att i dag.
Til toppen