FESTIVALLEIAREN OG BYGDI: Her har festivalleiar Ragnhild Fagerslett sogndalsbygda bak seg. Fagerslett er godt nøgd med at publikum strøymde til og kosa seg, og at arrangementet var godt organisert. 
FESTIVALLEIAREN OG BYGDI: Her har festivalleiar Ragnhild Fagerslett sogndalsbygda bak seg. Fagerslett er godt nøgd med at publikum strøymde til og kosa seg, og at arrangementet var godt organisert. 

– Eit godt teikn at me ikkje er so slitne. Då har me gjort noko rett

Både i år og i fjor vart alle billettane selde, men det gode vêret førte til at fleire folk fann vegen ut i løypene i år.

Sogndal: – Det er det beste som kan skje når ein har jobba sidan september med eit prosjekt, at det har gått bra og at alle er glade, seier Ragnhild Fagerslett, den daglege leiaren for årets fjellsportfestival. 

I fjor noterte fjellsportfestivalen i Sogndal ny rekord i billettsalet, då dei selde alle bilettane som dei hadde å leggja ut for sal, 1500. 

RATTKJELKEKAPPLAUP: Laurdagen var det mellom anna rattkjelketevling. Deltakarane gav alt for å koma fyrst ned løypa. Foto: Ryan McEvoy

Også i år selde dei alle dei 1500 billettane. Men salet gjekk mykje raskare denne gongen. Alt før jul kunne arrangøren sjå at salet hadde eit godt tempo.

Utover i 2018 kunne dei slappa av og kjenna seg trygge på at det kom til å koma mykje folk. 

– Det var herleg og gjorde godt som arrangør å sjå so tidleg at det ville koma mykje folk på festivalen, seier Fagerslett, som trur den snørike vinteren har mykje av æra for at det gjekk slik til. 

I år var det endå meir liv ute enn i fjor

Det var endå meir folk til stades på utearrangementa under årets festival. I fjor var ikkje vêret like fint, og so var det litt meir skredfare i fjellet då. 

– I Rindabotn, som har vore sentrum for uteaktivitetane, har det vore eit einaste stort folkeliv, seier Fagerslett. 

FINT VÊR: Det var mykje liv både i løypene og utanfor.   Bilde: Petter Olsen 

Ho legg til at Sogndal skianlegg har gått so det susar gjennom heile festivalen. 

Dei guida turane som var arrangerte i Jostedalen, Balestrand og Sogndalsdalen var også populære.

– Vêret slo til og var heilt perfekt, det var 10-årsjubilanten verdig, seier Fagerslett. 

Eit mål med festivalen er å marknadsføra Sogndal og Indre Sogn

– Kva betyr det for Sogndal at det har gått so godt med festivalen, også i år?

– Eit mål med festivalen er å syna Sogndal frå si beste side. Om ein går på sosiale medium no, so ser ein blant anna blå himmel, glede og snø som liknar pudder. Det kan ikkje verta betre reklame for Sogndal, seier Fagerslett. 

VUNNE RY: Fjellsportfestivalen er med på å gje Sogndal og Indre Sogn det ryet som det skal ha som snøsikkert område med stor interesse for fjellsport. Her frå borna sin fjellsportfestival. 

Ho seier at Sogndal og resten av Indre Sogn no har vunne ry over heile landet som område med fine tilhøve for skiaktivitetar. 

– Eg trur Fjellsportfestivalen har bidrege, og bidreg til å kommunisera dette, seier Fagerslett. 

ØLSMAKING: Det var ein av aktivitetane som vart arrangert på kveldstid.  Bilde: Snorre Sandemose

Sjølv er ho frå Romsdal, og då ho og sambuaren hennar flytte til Sogndal i forfjor, var det fordi dei visste at snøfjella er nære i bygda, og at det er eit bra ski- og friluftsmiljø der. 

Ynskjer alltid å verta betre, men ikkje større

På kveldane er det ymse arrangement på Quality Hotel under festivalen, og so er det afterski på ettermiddagane. Korkje forsamlingslokalet til afterskien eller på hotellet har kapasitet til å handtera endå fleire festivalgjengarar. På afterskien var det lange køar kvar dag for å koma inn. 

– Difor kan ikkje festivalen vera større enn han er no. Me skal ikkje veksa, for me har nådd ein ideell storleik. Men me kan freista å verta endå flinkare og proffare til å driva han. 

HELDT FØREDRAG: Skredekspert og tinderettleiar Jørgen Aamot heldt føredrag på hotellet i Sogndal to av kveldane. – Det har vore eit kjempefint program om kveldane. All ære til Anders Løbø Navarsete for det, seier festivalsjefen. 

I tillegg vert festivalen driven av friviljuge, og dei kan ikkje leggja ned større innsats i festivalen enn dei gjer no. 

– No gjeld det å halda på det kvalitetsstempelet me har fått om at me leverer ein god festival, seier Fagerslett. 

Fjellsportfestivalen er eit ideelt selskap, og økonomisk skal dei sjå til å gå i null. 

– Det ser ut til at det har gått bra med den biten òg, seier Fagerslett.

Og om det viser seg å ha vore eit overskott, går dei pengane med til å skipa til neste års festival. 

RAKT NED FJELLET: Utforkøyrarane kappa ned det over 1200 meter høge Kambafjellet og ned til Rindabotn. 

Styret hadde lært mykje sidan i fjor 

Fagerslett sat i styret i fjor òg, og då var styret meir urøynde enn i år. 

– Me var so mange nybyrjarar i styret i fjor, og me vart veldig slitne. I år kjenner me at heile organisasjonen har gått meir på skjener, og ting har løyst seg godt.

Ho og dei andre i styret ikkje er på langt nær so slitne no som dei var etter fjorårets festival. 

– Det er eit godt teikn. Då har me gjort noko rett i planleggjinga, seier Fagerslett. 

Til toppen