HEFTIG: Ei farstfylt langhelg er over i Sogndal. Sjå bileta frå Fjellsportfestivalen nedst i saka!
HEFTIG: Ei farstfylt langhelg er over i Sogndal. Sjå bileta frå Fjellsportfestivalen nedst i saka! (Foto: Fjellsportfestivalen)

Halsbrekkande langhelg er over – sjå bileta frå Fjellsportfestivalen

Mildvêret greidde ikkje å skremma vekk festivaldeltakarane. Laurdag gjekk dei tomme for billettar, fortel festivalsjefen.

Sogndal: Laurdag kunne arrangøren nemleg melda at festivalen var heilt utseld. For til trass for mildvêr og skare flaug både festivalpass og kveldspass, tilsaman om lag 1400, frå hyllene.

LETTA: Den ferske festivalsjefen Martin Hammer, seier det skal bli godt å pusta ut etter ein vellukka festival. Foto: Halvor Farsund Storvik

Då Porten.no snakkar med Hammer sundag, fortel han at han nesten nær å landa på bakken att etter opplevinga. 

– Eg må ærleg seie at eg vart veldig overraska over at me vart utselde. Me trudde jo gjerne at billettsalet kom til å avta på grunn av det milde vêret, men det var tydelegvis mange som ville på festival, seier ein blid og letta festivalsjef. 

Sjå bileta frå dei fem festivaldagane nedst i saka!

Ei veke før festivalen skulle starta vart frikøyringskonkurransen avlyst, men det vart òg det einaste arrangementet som blei avlyst. I tillegg vart den kinesiske utfor-konkurransen gjort om til ein duell-utfor i alpinanlegget, noko som vart overraskande populært. 

– Duell-utforen har me fått veldig mange gode tilbakemeldingar på, det vart ein stor publikumsfavoritt. Det er veldig kjekt å sjå at plan B òg fungerte så bra, så det tek me med oss vidare, seier Hammer.  

Bruktmarknad og basar drog store mengder

Hammer seier han ser tilbake på festivalen som ein positiv og lærerik oppleving.

– Det har vore nokre utruleg fine dagar. Det har vore godt å sjå at alt har gått så fint. Det var skikkeleg dugnadsånd og «teamspirit». Det har vore fantastisk.

På spørsmål om kva som var høgdepunktet veit han nesten ikkje kva han skal velje. 

– Nei kva skal eg sei, det var så mykje bra. Det var kanskje spesielt kjekt å sjå at så mange møtte på onsdag for å høyre føredraget til Andreas Vold, som vart teke av snøras i fjor og såvidt berga livet. Allereie då kunne me sjå at det kom til å bli ein festival med veldig mykje folk, seier Hammer. 

Basar og bruktmarknaden på torsdagen var òg veldig overraskande ifølgje Hammer. Arrangørane hadde ikkje heilt sett føre seg at dei kom til trekka så mykje folk. 

– Det vart heilt fullt. Når man gjekk inn i lokalet var det som å møta ein vegg, så mykje folk var det. Me lærte nok ein god del av det arrangementet, så me kjem til å gjere nokre endringar og ta det vidare til neste festival.

Jobbar allereie med neste festival 

Den ferske festivalsjefen innrømmer at det skal bli veldig godt å få pusta ut, etter ein vel overstått festival. 

– Me har framleis nokre tråar administrativt som må knyttast etter årets festival, men etter det skal eg ha nokre dagar fri, seier Hammer. 

Ein langfri blir det dog ikkje, for på onsdag skal han til Vasaloppet i Sverige og testa langrennski, og idear til neste års festival har allereie byrja å ta form i tankane. 

LANG REKKE: Fargerik topptur under Fjellsportfestivalen. (Foto: Øystein Nondal/Fjellsportfestivalen)
VÅTT ELEMENT: Bula Pond Skim handla om å ta seg raskast mogleg over dammen, og avslutta med eit spektakulært hopp. (Foto: Veronica Foss Hillestad/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
LUFTIG: Det gjekk heftig føre seg i Rindabotn laurdag. (Foto: Torgeir Sørmo Holmslet/Fjellsportfestivalen)
PLADASK: At nokre fekk eit vått møte med dammen var heller ikkje til å unngå. (Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
SKODELYSTNE: Mange hadde møtt opp for å få med seg den fartsfylte konkurransen. (Foto: Torgeir Sørmo Holmslet/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Torgeir Sørmo Holmslet/Fjellsportfestivalen)
HEFTIG: Ei farstfylt langhelg er over i Sogndal. Sjå bileta frå Fjellsportfestivalen nedst i saka! (Foto: Fjellsportfestivalen)
LUFTIG: Rakkar Open er ein konkurranse der dei flottaste sveva og den heftigaste køyringa fører deg til toppen av pallen. (Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
BAKOVERLENT: Speakertenesta sørga for å halda publikum oppdaterte i målområdet. (Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Torgeir Sørmo Holmslet/Fjellsportfestivalen)
NYVINNING: Afterski med DJ var eit nytt innslag på årets festival. (Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
UTFOR: Den kinesiske utforen, altså utfor med fellesstart, vart erstatta av duellstart av omsyn til tryggleiken. Det viste seg å verta eit populært grep. (Foto: Veronica Foss Hillestad/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
SVEV: Fjellsportfestivalen er òg for dei som likar å ta seg ned fjellsidene luftvegen. (Foto: Øystein Nondal/Fjellsportfestivalen)
OPNA: Dalalåven vart for første gong teken i bruk denne helga. (Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
O2-KAPPLØP: I randonekonkurransen handlar det om ta seg raskast mogleg opp til og ned frå Blåfjell. (Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Tim Maarten Riesen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
BASAR: Basarleiar Thorbjørn Selseng lodda ut mjuke pakkar i fleng. (Foto: Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
PITCH: Dei tre pallvinnarane under Fjellpitchen. (Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Fride Sørensen/Fjellsportfestivalen)
GRASIØST: Skiballetten har blitt eit fast innslag på opningsdagen. (Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Tim Maarten Riesen/Fjellsportfestivalen)
Foto+Mikel+Gonsholt-7732 (Foto: Mikel Gonsholt/Fjellsportfestivalen)
Til toppen