UTLEIGEHYTTER: Bratt Utvikling byggjer no fire mindre hytter i Hodlekve. Yngve Hallèn (innfelt) leiar prosjektet.
UTLEIGEHYTTER: Bratt Utvikling byggjer no fire mindre hytter i Hodlekve. Yngve Hallèn (innfelt) leiar prosjektet.

«Fjellsporthytta» skal gjere det billegare å realisere hyttedraumen

Nytt konsept skal gjere pudderparadiset i Hodlekve tilgjengeleg for fleire, også dei med litt mindre å rutte med.

Sogndal: Hyttene som har blitt bygde i Hodlekve til no er relativt store og tilsvarande dyre. No har Bratt Moro og Sognefjorden Utvikling gått saman om eit konsept som skal gjere hyttedraumen litt meir tilgjengeleg for folk flest.

Konseptet har fått namnet Fjellsporthytta og Bratt Utvikling, som det felles selskapet heiter, byggjer no fire slike i Hodlekve.

– For oss som frontar fjellsport og bratt moro, så er det viktig at så mange som mogleg får ta del i dette her, seier Yngve Hallén, styreleiar i Bratt Utvikling.

Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling

Hyttene vil koste rundt 2,5 millionar kroner, men den endelege prisen skal utviklarane få ei vurdering på seinare. Uansett er dei først og fremst tenkte til utleige, eller for sal til andre som vil drive med utleige.

– Dette er ein liten prøvestein for å teste responsen, seier Hallén, som seier dei vil byggje fleire viss hyttene viser seg å bli ein hit.

– Me håper i allefall èi av dei skal vere ferdig til påske slik at me kan syna ho fram, seier Hallén.

Til toppen