FÅR NYTT NAMN: Pikkhaug har blitt ein bokstav fattigare. Det er langt frå nokon majestetisk topp, men frå avstand går det akkurat an å skimte den karakteristiske forma, peaken på godt norsk, som truleg er opphavet til namnet. Foto: Kjersti Evenstad Dalaker/privat.
FÅR NYTT NAMN: Pikkhaug har blitt ein bokstav fattigare. Det er langt frå nokon majestetisk topp, men frå avstand går det akkurat an å skimte den karakteristiske forma, peaken på godt norsk, som truleg er opphavet til namnet. Foto: Kjersti Evenstad Dalaker/privat.

Fjelltoppen mistar litt av potensen etter namneklage

Medan rogalendingane strevar for å få gjenreist Trollpikken, har kaupingane klaga sin eigen inn til kartverket.

Kaupanger: – Det ser ut som ein pik og alle seier pik, så då var det greit med ein gong, seier Kjersti Evenstad Dalaker om snuoperasjonen som skjedde for seks dagar sidan.

Den reiser seg 815 meter over havet og er eit kjent syn for dei fleste som bur på skogen. Men èin overflødig bokstav har skapt ståhei rundt den populære trimposten Pikkhaug på Kaupanger. 

Det var etter ein tur opp hit at Evenstad Dalaker bestemte seg for å gå til det drastiske skrittet. Ho klaga namnet inn til Statens kartverk.

– Det stod Pikkhaug på eit skilt. Eg tenkte: «det er feil», seier den prinsippfaste turgjengaren.

Les også: Glenn Tony tok med seg feil katt heim, no treng han hjelp

Sjølv om ho ikkje er innfødd, har Kjersti Evenstad Dalaker budd på Kaupanger i tretti år og vore her om somrane enno lengre, så ho veit kva namn folk har brukt frå gamalt av.

– Det er Pikhaug. Det er ingen som har sagt noko anna, seier Evenstad Dalaker.

Denne gongen vart det heldigvis ikkje noko klassisk møte med eit rigid og standhaftig byråkrati. Kartverket bøygde av med ein gong.

– Det tok berre èin dag og ingen krangling, fortel Evenstad Dalaker.

Diskusjonen på Facebook, både før og etter innklaginga, viser at avgjersla om å fjerne den overflødige bokstaven står støtt blant lokalbefolkninga. Gratulasjonar i kommentarfeltet og emojiar i form av klappande hender stadfestar det inntrykket.

– Eg trur ikkje vi er sjenerte, men det førre namnet stemmer berre ikkje med lokal uttale, seier Kjersti Evenstad Dalaker.

Til toppen