Nils Faarlund har mellom anna skrive boka «Friluftsliv – en dannneslesreise», og jobba med friluftsliv i over 50 år. Arkivfoto: Olav A. Saltbones / Røde Kors / NPK
Nils Faarlund har mellom anna skrive boka «Friluftsliv – en dannneslesreise», og jobba med friluftsliv i over 50 år. Arkivfoto: Olav A. Saltbones / Røde Kors / NPK

Fjellvett – meir enn berre reglar

 – Fjellvett handlar om kultur, om turglede og naturglede, seier tindevegleiar Nils Faarlund. Han ber politikarane gje meir plass til friluftsliv i skulen.

Nils Faarlund (79) grunnla Norges Høgfjellsskole i Hemsedal i 1967 og etablerte friluftsliv som høgskulestudium ved Noregs idrettshøgskole i 1972. I nærare 40 år var han sentral i det førebyggjande skredarbeidet i Røde Kors, og i 1997 fekk han Fjellskikkprisen frå same organisasjon.

For fyrste gong på over 60 år vart dei ni fjellreglane reviderte i år. Faarlund gjekk i den samanheng ut og var skeptisk til ei relansering av slike reglar.

– Det er ikkje tatt omsyn til historia om då dei ni reglane vart laga i 1952, seier Faarlund til Nynorsk pressekontor.

Historia om fjellvettreglane

Bakgrunnen for ei relansering av fjellvettreglane var, ifølgje Røde Kors og Den Norske Turistforening (DNT), endringa i friluftslivsvanane til folk. Skred- og skredfare er for fyrste gong tatt med i dei ni punkta, som har som mål å auke medvit og refleksjon for å hindre ulykker i fjellet.

Nils Faarlund meiner det er misforstått å blande vett og reglar i lys av historia.

– Då dei ni reglane vart laga i 1952, gjekk dei under namnet fjellreglane, fortel han.

Ordet vett var altså ikkje ein del av dette. 15 år etter, i påska 1967, mista til saman 16 personar livet i påskefjellet. Dette gjorde at DNT og Røde Kors gjekk ut med ein ny strategi for å informere og opplyse folk, og då vart den regelstyrte tanken lagt til side. Faarlund var ein av dei som var med å byte ut dei ni fjellreglane frå 1952 med breiare informasjon om fjellvett i 1967.

– Det var ein eineståande dugnad av organisasjonar og engasjerte som saman skulle opplyse om førebyggjande arbeid for tryggleik i fjellet, seier Faarlund.

Arbeidet etter 1967 gjekk under mottoet «Velkommen til fjells, men ta ansvaret sjølv». Fyrst på 1980-talet vart reglane blanda saman med omgrepet vett, fortel han.

Han ser at Røde Kors og DNT ønskjer å opplyse gjennom merkevaretenking, men peiker på at fri natur ikkje ei vare. Og han meiner at dei nye reglane ikkje tek omsyn til det heilskaplege biletet av kva fjellvett og erfaring er.

– Ein kan ikkje følgje ei bruksrettleiing i fjellet, men ein må «gjere seg til venn med fjellet» – og det tek tid. Dersom ein på ein naturleg måte lærer seg å vere glad i naturen, så følgjer respekten for han med, seier Faarlund.

– Politikarar og skule har svikta

Nils Faarlund meiner at det beste førebyggjande arbeidet for å sikre tryggleik i fjellet vil vere å gje friluftsliv ein større plass i skulen.

– Det ville gjort fjellvettreglane unødvendige, meiner Nils Faarlund.

Han legg til at friluftsliv på timeplanen vil krevje at ein gjev plass til kvalifiserte folk i skulen som vågar å ta med seg elevar ut på tur.

– Læring av varig verdi skjer ikkje i eit klasserom, men «inne» i naturen. Ein må bli kjent med naturen på ein naturleg måte, seier Faarlund.

Og han meiner at friluftsliv burde vore eit eige fag.

– Eit fag som gjer befolkninga fortruleg med naturen, og der ein også lærer om farane i fjellet. Det gjeld friluftsliv både vinter og sommar – ved sjøen og på fjellet.

Vidare legg han til at politikarane bør ta ansvar for at den nye stortingsmeldinga om friluftsliv inneheld naudsynte tiltak – og meiner DNT og Røde Kors, som ein del av det førebyggjande arbeidet sitt, burde påverke til å få friluftsliv inn i skulen.

– Lær naturen å kjenne

– I dag er folk for opptekne av å komme fram og nå toppen, men det som er fint er å vere undervegs. Det er det som skaper naturglede, turglede og meistringsglede og verdien av å vere saman, seier Nils Faarlund. Folk i dag er altfor opptekne av å risikere og prestere, legg han til.

– Kva er ditt tips til trygg ferdsel i påskefjellet med tanke på skred og skredfare?

– Fare er ikkje farleg for den som fér varleg! Hald deg på god avstand frå hellingar som er brattare enn hustak i fjelltraktene – snaue 30 grader. Då er du trygg for flakskred. God avstand vil seie tre gonger høgdeforskjellen frå flatt lende under hellinga til oppunder toppen, forklarer Faarlund.

Avslutningsvis tek han opp dialektuttrykket «leug», eit omgrep som er nytta om Sondre Norheim og skikunstnarane i Telemark. Dei henta ikkje fram øksa om dei møtte eit tre som hindra dei, men dei svinga unna med stil.

– Det handlar om å lære naturen å kjenne, slik at ein kan svinge unna der det er farleg, seier Faarlund. Det gjeld i livet også å vere naturvenleg, legg han til. (©NPK)

Fakta om flakskred

Eit flaksred er skred der snøen er så fast at han glir ut i flak. Det vert danna skarpe brotkantar langs den øvre avgrensinga av skredet, og snømassane glir ut langs plan som følgjer svake lag i snødekket eller bakken. Skreda kan omfatte store mengder snø, og det er særleg denne typen skred som fører til ulykker. (Kjelde: Store norske leksikon) (©NPK)

Til toppen