URIMELEG: Katarina Rosø, fylkessekretær i AUF Sogn og Fjordane, meiner det er urimeleg at du må ha 4 i matte frå vidaregåande for å bli lærar. Biletet viser ein mattestafett på Trudvang.
URIMELEG: Katarina Rosø, fylkessekretær i AUF Sogn og Fjordane, meiner det er urimeleg at du må ha 4 i matte frå vidaregåande for å bli lærar. Biletet viser ein mattestafett på Trudvang. (Foto: Halvor Farsund Storvik/NRK (arkiv))

MEININGAR

Fjern det urimelege kravet i matematikk

– Det er mykje me kan gjere for å rekruttere fleire lærarar i framtida. Det fyrste steget er å kvitte seg med det urimelege kravet i matematikk, skriv fylkessekretæren i AUF.

Meiningar: I dag er karakteren 4 i matematikk eit krav for å utdanne seg som lærar. Den norske skulen treng fleire lærarar, men dette kravet gjer at mange fell utanfor. Kvifor skal ein karakter, i eitt fag, øydelegge for så mange potensielle lærarar?

Tall frå Samordna opptak viser ein nedgong i søkjartal til grunnskulelærarutdanninga, både på 1-7. trinn og 5-10. trinn. Vi veit allereie i dag at vi kjem til å mangle lærarar i framtida, så kvifor gjer vi krava for å utdanne seg vanskelegare?

Karakterkravet i matematikk er noko vi i AUF og Sogn og Fjordane Arbeidarparti er usamde i, og som vi ser på som lite treffsikkert. Vi er bekymra for at potensielt dyktige lærarstudentar no vil la vere å søkje på lærarutdanninga. Då vil rekrutteringa på sikt bli svekka.

Vi vil stille klare krav til dei som skal søkje på ei lærarutdanning. Vårt framlegg er å utgreie meir treffsikre modellar for opptak til lærarutdanningane. For eksempel eit høgare krav til snittkarakter eller innføring av karakterkrav i dei faga lærarstudentane planlegg å fordjupe seg i.

Vi meiner at ein samfunnsfaglærar ikkje skal bli definert utifrå karakteren i matematikk. Det er mange som kan bli gode lærarar, sjølv om dei ikkje har karakteren i 4 i matte. Vi har ikkje råd til å miste dei potensielle lærarane våre, og difor burde vi ikkje gjere det vanskelegare for studentar å få bli det dei vil. Den som har lyst å bli norsklærar, burde ikkje vere nøydd til å oppfylle eit krav i eit anna fag for å få oppfylt draumen sin. I tillegg vil ikkje karakteren i dette faget påverke kor god lærar ein kan bli i andre fag.

Det er mykje me kan gjere for å rekruttere fleire lærarar i framtida. Det fyrste steget er å kvitte seg med det urimelege kravet i matematikk!

Til toppen