Sogndal: Karsten Bjelde jr. var skilnaden mellom Fjøra og Kristiansund heime på Fosshaugane - 14 minuttar ut i 1.omgang sende han heimelaget i føringa. Det heldt heilt ut, og Fjøra berga dermed plassen ved å bli blant dei åtte beste laga på 5.plass i 3.divisjonsavdelingane.
- Akkurat no er eg veldig letta. Og tom, eigentleg. Eg er så veldig imponert over det gutane har prestert. Dei har gått frå å vera 4.divisjonslag til å gå inn i regionligaen. Eg veit folk snakkar om at Florø og Sogndal har gjort det bra, men desse gutane har gjort dette på to år. Det står det all mogleg respekt av, seier trenar Håvard Hatle.
Artikkelen held fram under biletet

- No er eg redd det skal feirast
Hatle meiner Sogndal no har ein unik posisjon som fotballbygd
- Den sigeren her er så utruleg viktig, ikkje berre for Fjøra, men for Sogndal som bygd. No har bygda eitt lag i Tippeligaen og eitt lag i regionligaen. Eg trur ikkje folk forstår kor bra det er.
- Og no skal det feirast?
- No er eg redd det skal feirast, ja, ler Hatle.
Tap for Årdal FK
Kampen Årdal FK spelte borte mot Funnefoss/Vormsund i siste serierunde hadde ingen verdas ting å seia for årdølene - dei tapte også 3-0 mot laget som er klare for 3.divisjon neste år. Årdal hamna dermed på 8.plass i si avdeling og rykkjer ned til 4.divisjon