Sogndal: Tredjedivisjon har blitt til Regionligaen og med det kjem nye og strengare retningslinjer. Det gir utfordringar for ein liten klubb som Fjøra.
– Det er utruleg mykje som må bli betre til neste år. No blir alt styrt frå sentralt hald i NFF. Det blir mykje ekstra for klubben, men eg er heilt overtydd om at dette skal gå bra. Vi har gode folk til å ta seg av den biten, seier Hatle.
Les også: Han trenar Norges minste lag, men fryktar ikkje bank frå dei store
– Klart det kostar
Han fortel at representantar frå klubben har vore hos fotballforbundet og fått opplæring i dei nye krava. Her er alt spikra i detalj, heilt ned til tidspunktet musikken skal vere på over stadionanlegget før kamp.
– For å seie det slik, eg trur eg skal vere glad eg er trenar og slepp å styre så mykje med den biten. Det er mykje som skal vere på stell, seier Hatle.
Budsjettet har òg fått ei kraftig oppjustering.
– Det er klart det kostar. Men dess betre vi gjer det, jo meir inntekter får vi, så det heng litt i hop, seier trenaren.
Seks av sju i treningskampane
Sportsleg er det mykje som lovar godt ein månad før serien startar. Berre eitt tap mot førstedivisjonsklare Florø og seks sigrar mot Årdal (x2), Førde, Stryn, Voss og Eid får vere meir enn godkjent.
– Vi har slitt litt med skadar, men resultata har vore bra. Vi held på å spele inn eit nytt system og eg håpar vi er på rett veg. Det trur eg nok, men vi får sjå når det brakar laus. Det er alltid like spanande, seier Hatle.
Siste treningskamp vert mot Fyllingsdalen på laurdag, så ventar to kampar i NM-kvaliken mot Skavøypollen på begge sider av månadsskiftet. Ålesund 2 vert første motstandar i serien i midten av april.