GJEKK VIDARE: Fjøra gjekk enkelt vidare til 2. kvalifiseringsrunde i cupen då dei slo Skavøypoll 5-0 onsdag kveld. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv).
GJEKK VIDARE: Fjøra gjekk enkelt vidare til 2. kvalifiseringsrunde i cupen då dei slo Skavøypoll 5-0 onsdag kveld. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv).

Fjøra feia Skavøypoll av bana i cupen

Skavøypoll hadde ikkje tapt heime sidan sist dei møtte Fjøra i 2015. Onsdag kveld møtte dei nettopp Fjøra att.

Skavøypoll: Der vart det stygge siffer for heimelaget sin del. Fjøra, som sikra seg ein plass i Regionligaen i fjor, tok seg enkelt vidare til 2. kvalifiseringsrunde i cupen, der mest truleg Årdal ventar.

På Skavøypoll stadion hadde heimelaget ein solid rekord med berre sigrar førre sesong. Sist dei tapte heime var faktisk mot nettopp Fjøra. 

Fjøra skriv på sine heimesider at det var ei jamn opning på kampen, men at Fjøra tok kontrollen halvvegs ut i 1. omgang. I det 35. minuttet fekk dei betalt då Bakary Traore gav gjestane 1-0. Same mann sette også inn 2-0 like før timen var spelt.

Ti minutt før slutt kom spikaren i kista frå Mathias Flo, men Fjøra rakk å scora både éin og to gonger til før dommaren bles i fløyta si – først ei draumescoring frå Steffen Olsen før Flo la på til 5-0 med sitt andre.

– Litt treg start på kampen, men etter kvart viste Fjøra seg som eit betre lag enn Skavøypoll. Me fekk i gang begge spissane våre med to mål kvar i første kamp, noko som alltid er viktig, og både Mathias og Bakary kjem nok til å bli giftige framover. Me er dermed forbi første hinder til Ullevaal, skriv klubben.

Kven som er motstandar i neste runde blir først klart om nokre dagar, men mest truleg blir det Årdal, som slo Eid i sin cupkamp søndag. 

Til toppen