Haugesund 2 – Fjøra: 2-2
Fjøra møtte Haugesund 2 på bortebane laurdag. Kampen enda uavgjort, men trenar Håvard Hetle er likevel nøgd.
Etter berre 8 minutt kom første målet til Haugesund 2. Heimelagets andre mål kom etter 45 minutt, og Fjøra låg dermed under 2 mål til pause.
- I første omgang var Haugesund 2 mykje betre enn oss. Dei fekk to mål allereie då, og me låg dermed under med 2 mål til pause. Målet i andre omgang var å ta igjen Haugesund sitt forsprang og det klarte me, seier Hetle.
- Gutane fekk verkeleg vist seg i andre omgang
Godt ut i andre omgang henta Fjøra seg inn igjen. Torbjørn Espevik Oddenes scora Fjøra sitt første mål i kampen, og bortelaget låg no berre under 2-1. Etter 83 minutt utlikna Mathias Flo, slik at Haugesund 2 og Fjøra låg likt.
- I andre omgang viser gutane at dei kan. Det er veldig sterkt av dei å hente inn igjen 2 mål, etter å ligge under til pause.
Hetle fortel at gutane var nærare 3-2 siger enn det Haugesund var.
- Dei fekk verkeleg vist seg i andre omgang. Eg er nøgd med kampen. Me må likevel jobbe vidare, og me må slutte å sleppe inn mål så tidleg i kampane, avsluttar han.