RINGVERKNADER: Brannen i Fjærlandstunnelen får ringverknader, ikkje berre for trafikken, men også for idretten. Etter planen skulle Fjøra møte Ålesund 2 tysdag kveld, men denne er no utsett til onsdag. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Fjøra-kampen utsett på grunn av brannen​

Og brannen får også konsekvensar for bussrutene.

Sogndal: Årsaka er brannen i Fjærlandstunnelen som no vert stengt i fleire dagar etter at ein feiebil tok fyr måndag kveld.

Hendinga påverkar først og fremst trafikken, men også bussruter og fotballkampar. For etter planen skulle Fjøra ha tatt imot Ålesund 2 på Fosshaugane Campus tysdag kveld, men denne er no utsett til onsdag 18.00.

Det er klubben sjølv som melder dette. 

All omkøyring går no om Høyanger, og det er usikkert kor lenge Fjærlandstunnelen blir stengt.

Stenginga får konsekvensar for kollektivtrafikken, og bussruter kan bli både avlyste og lagde om, skriv fylkeskommunen og viser til kringom.no.

Til toppen