Sotra: Det vart tungt borte mot eit av topplaga i 3. divisjon før Fjøra laurdag ettermiddag; to kjappe scoringar før fem minuttar hadde gått til heimelaget Sotra vart dei to nettkjenningane i kampen.
– Me sleppte inn to mål på dei to første angrepa til Sotra. Men frå kvarteret uti første omgang og ut, var det me som styrte spelet. Sjølv om me ikkje klarte å bryta gjennom og tapte kampen, er det mange steg framover prestasjonsmessig, seier fjøratrenar Håvard Hatle.
Dermed ligg Fjøra under streken medan Sotra klatra til 1. plass i avdelinga. Hatle er likevel ingen slagen mann av den grunn.
– Eg er aldri nøgd med å tapa, men med prestasjonen er eg svært nøgd. Me fekk til mykje av det me jobbar med på trening i dag. Så me må berre halda fram med hard jobbing vidare framover, så vil resultata koma.