Fjøra - Surnadal: 2-0.
Fjøra tok kommandoen frå start mot mørelaget Surnadal, som ligg heilt sist på tabellen i avdeling åtte av tredjedivisjon.

Med eit velregissert pasningsspel styrte dei det meste som skjedde ute på matta. Men det var i luftrommet måla vart til.
Les også: No startar haustdramaet: «Alle» kan rykke ned
Mathias Flo fekk først eitt annulert for offside, før han stanga inn 1-0 etter ein halvtime. Ti minutt seinare var det Gøran Wigum som steig høgast etter ein corner. Headinga gjekk via hanskane til keeper og inn i det høgre krysset til 2-0.
– Det var ein bra kamp, som vi burde ha leia enno meir etter første omgang. Det var berre eit par i beste fall tvilsame offsideavgjersler som hindra oss i det, seier trenar Håvard Hatle.
Andre omgang vart rein plankekøyring for fjørene. Dei heldt fram å trille ball, men utan å produsere det heilt store.
– I andre datt vi litt ned og vart med på deira tempo. Då fekk vi ikkje heilt til det vil planla. Men vi har full kontroll, eg trur ikkje dei har eit skot på mål. Så det er bra, seier Hatle.
Dermed vart sluttresultatet det same som etter pause. Men 2-0 betyr viktige poeng i kampen for å halde seg i divisjonen. Til neste helg ventar ein tøff bortekamp i Nordfjord.
– Då vi bør heve oss frå den andreomgangen. For det held ikkje borte mot Stryn, seier trenar Håvard Hatle.
I same avdelinga tapte Sogndal 2 heile 0-3 borte mot Træff.
