Fjøra - Sogndal: 1-6
Det var duka for eit skikkeleg bygdederby i cupen då Fjøra tok imot Sogndal på deira eiga heimebane. Men klasseforskjellen viste seg heilt frå start og den store spaninga vart det aldri.
Ein viktig grunn til dèt var at Sogndal stilte nesten med tilnærma førsteellevar til cupkampen.
– Me har berre fjorten-femten tilgjengelege, så då har me ikkje råd til å spara nokon. Me tek det som ei god treningsøkt inn mot søndagen, seier Bakke.
Les også: Møter storebror i cupen: – Me gler oss enormt mykje

Opna kampen med kunstskåring
Allereie etter sju minutt stod det 1-0 til Sogndal. Chidiebere Nwakali fekk lade skotfoten frå omlag tjue meter og med ein dundrande volley sende han ballen i krysset.
Midtbanespelaren har slitt litt i serieopninga, men fekk verkeleg vist fram skotfoten mot Fjøra. 1-0 scoringa hadde gått inn mot eliteseriemotstand òg. Trenar Eirik Bakke håpar å få sjå fleire slike framover og utelukkar ikkje at Nwakali meir sentralt i bana framover.
– Det er det som er hans beste posisjon, då veit vi han kan gjere slike ting. Så me er nøydd til må få han meir involvert. Men han har ein del andre ting i spelet sitt som han må få på plass, som det defensive, så kan han bli ein veldig viktig spelar for oss, seier Bakke.
Halvtimen ut i omgangen dobla Gilbert Koomson, før Bendik Bye la på til 3-0 rett før pause. Det kunne ha vore både to og tre fleire, utan at det på nokon måte sprudla av angrepsspelet til Sogndal.

Redusering til inga nytte
Opninga på andreomgang var heller laber. Men ut av ingenting varta Fjøra opp med eit kjempeangrep og plutseleg stod det 1-3. Eit kjapt frispark sende Bakary Traore på løpetur i bakrommet. Han distanserte begge sogndalstopparane før han spelte vidare til Kenneth Skjerven. Eit følsomt innlegg fann pannebrasken til Mathias Flo og eit visst håp var tent.
– Vi veit at vi har fart i angrepet og når Kenneth kjem rundt på kanten er det berre å posisjonere seg i boksen, for då kjem det eit godt innlegg, seier Mathias Flo.
Diverre for Fjøra gassa Sogndal på igjen og like etter kunne innbyttar Simen Brekkhus auke til 1-4. To minutt seinare stod det 1-5 ved Lars Christian Kjemhus, før same mann fastsette sluttresultatet til 1-6.
– Det vart tungt etter kvart, men det var veldig kjekt å få prøve seg, seier Flo.
Fjøratrenar Håvard Hatle var heller ingen slagen mann etter tapet.
– Det er mange eliteserielag som hatar å møte Sogndal på Fosshaugane, så vi hadde ei stor oppgåve framfor oss. Men det er god lærdom i å møte slik motstand, så får vi håpe vi dreg det med oss den lærdomen inn i serien, seier han.