TAPTE MOT NABOANE: Fjøra kunne ha sikra ein plass i 3. divisjon med siger mot Sogndal 2, men misbrukte sjansen. No får dei ei ny moglegheit neste helg. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
TAPTE MOT NABOANE: Fjøra kunne ha sikra ein plass i 3. divisjon med siger mot Sogndal 2, men misbrukte sjansen. No får dei ei ny moglegheit neste helg. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.

Fjøra misbrukte sjansen: – Det meste gjekk gale

No skal dei få teste nervene mot Kristiansund neste helg.

Fjøra – Sogndal 2 0-2/Årdal – Ull/Kisa 2 3-1

Med siger ville Fjøra langt på veg sikre seg ein plass i neste års 3. divisjon. Det var avhengig av at Åsane 2 tapte for Brann 2. Det gjorde dei, men Fjøra klarte ikkje å gjere jobben mot Sogndal 2 på Fosshaugane Campus. 

– Eg tar dette på mi kappe. Det meste gjekk gale, og me får ikkje til noko spel. Eg er litt usikker på om me er nervøse eller ikkje tilstades. Me snakka litt om det å vere tilstades før kampen, men det greidde me ikkje, og då tapar me fotballkampar, er oppsummeringa til Fjøra-trenar Håvard Hatle etter kampen.

Går for siger neste helg

To scoringar frå Andreas Lerheim Olsen var det som skulle til for å sikre Sogndal 2 sigeren. Hatle innrømmer at det er ekstra surt å tape i og med at Åsane 2 tapte, men seier dei no må nytte seg av neste matchball. Då kjem Kristiansund FK til Sogn.

– Me må vinne den kampen, og me går for siger, så får me sjå etterpå. Me har ein god sjanse, seier han og omtalar to av måla dei slapp inn i 1-4-tapet borte mot KFK som flatterande.

– Det er også ein stor fordel at me slepp ein lang bortetur og får spela heime, legg han til. 

Raudt kort til Lunde

På tampen av lokaloppgjeret på Campus fekk Per Erik Lunde raudt kort. Han må dermed stå over den viktige kampen mot Kristiansund.

– Det er synd at det kjem så seint, men me har gode erstattarar, så eg er ikkje uroa.

På grunn av omleggingane i divisjonssystemet, er det berre dei fire øvste laga og dei åtte beste 5. plassane som kvalifiserer til spel i 3. divisjon neste år. Fjøra er no det 8. beste femmarlaget. 

Årdal snudde og vann

På krøllgraset i Årdal spelte Årdal sin siste heimekamp for sesongen. Her var Ull/Kisa 2 gjestar. 

Der starta oppgjeret på verst tenkeleg vis for heimelaget. Berre åtte minutt var spelt då Petter Blaker gav dei gule og grøne leiinga.

Årdal hadde ballen i tverrliggar ti minutt etter, men til pause var det gjestane som leia. Kvareter ut i andre omgang derimot, fekk dei heilraude omsider hol på byllen. 

Keepertabbe

Eit innlegg frå Johnny Aspeseter Hagen vart stussa i mål frå Preben Strypet. Like etter slo Hagen eit nytt innlegg. Denne gongen glapp keeper ballen, som spratt i mål til 2-1. 

Artikkelen held fram under biletet.

GLAPP BALLEN: Her glepp Ull/Kisa 2-keeperen eit innlegg frå Johnny Aspeseter Hagen, og Årdal gjekk dermed opp i 2-1.
GLAPP BALLEN: Her glepp Ull/Kisa 2-keeperen eit innlegg frå Johnny Aspeseter Hagen, og Årdal gjekk dermed opp i 2-1.

Like før slut la Terje Kvam Øvstetun på til 3-1, som også vart sluttresultatet, i det som er den siste 3. divisjonskampen som skal spelast i Årdal på iallfall eitt år. 

Laget frå industribygda har no att Funnefoss/Vormsund neste helg før dei tek eit langt avbrekk frå fotball. 

Til toppen