Fjøra på jumboplass etter kjempesmell
(Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Fjøra på jumboplass etter kjempesmell

Fekk sju i sekken for første gong denne sesongen.

Herd-Fjøra: 1-7

Trenarbytet verkar ikkje å ha gitt umiddelbare resultat. Laurdag gjekk Fjøra på ein ny og saftig smell då dei tapte heile 1-7 for serietrear Herd på bortebane.

Tapet gjer at laget litt heilt sist på tabellen, med ein kamp meir spelt enn dei næraste konkurrentane.

Etter sigeren i sesongstarten har fjørene no gått tolv strake kampar i serien utan å vinne. Med seks poeng på tretten kampar og åtte poeng opp til fast plass ser det dermed bekmørkt ut med tanke på ny kontrakt.

I fjor var dei det siste laget som sikra plassen i Regionligaen, den nye og tøffare utgåva av tredjedivisjon. Med Førde òg i nedrykkssumpa kan vi risikere ein Regionliga utan representantar frå Sogn og Fjordane til neste år.

Neste kamp spelar Fjøra mot botnkollega Aalesund 2, før dei møter Spjelkavik etter ferien, laget som no ligg rett over streken med fjorten poeng.

Til toppen