REISTE SEG: Fjøra reiste seg etter ei sein scoring mot Brann 2 og fekk med seg eitt poeng. – Det vitnar om at det bur mykje i denne gjengen, seier trenar Håvard Hatle. Foto: Youri van der Werve. 
REISTE SEG: Fjøra reiste seg etter ei sein scoring mot Brann 2 og fekk med seg eitt poeng. – Det vitnar om at det bur mykje i denne gjengen, seier trenar Håvard Hatle. Foto: Youri van der Werve. 

Fjøra reiste seg etter eit seint mål imot

Fjøra leverte årsbeste i 2. omgang mot Brann 2, meiner trenar Håvard Hatle. Då var det surt å sjå gjestane gå opp i 1-0 åtte minutt før slutt, men Fjøra reiste seg og slo tilbake.

Sogndal: – Eg er umåteleg stolt av innsatsen og viljen spelarane legg ned. Det vitnar om at det bur mykje i denne spelargruppa, seier Hatle til Porten.no.

Fjøra fekk til slutt med seg eitt poeng ut av kampen mot Brann 2 på Fosshaugane Campus fredag kveld. Det sørga Gøran Wigum for då han nikka inn 1-1 på eit hjørnespark like før slutt. 

Berre nokre minutt i førevegen hadde Markus Sunde Fossnes gitt gjestane frå Bergen leiinga etter det trenar Hatle skildrar som årsbeste av 2. omgang av Fjøra.

– I 2. omgang tykkjer eg me leverer årsbeste, så då tykte eg synd på gutane då dei kom under 0-1. Me skapte ein del sjansar og tok dei høgare oppe på bana. Me framstod som eit godt fotballag, der Brann 2 har trøbbel med oss. 

– Men gutane viste god moral etter så mykje motgang med fire strake tap. Å få 0-1 i fleisen for så å utlikne like etter vitnar om at det bur mykje i denne spelargruppa, seier han.

Fokus på gode prestasjonar

Dei første 45 minuttane var det gjestane som var det beste laget, men dei heilraude frå Sogndal gav alt i duellspelet og nekta Brann 2 dei største sjansane i ein kamp der berre scoringane kom etter det var spelt 80 minutt.

– Det fortent med ei utlikning, men moralen dei viser er veldig bra. Når ein kjem under slik, er det kanskje mange som tenkjer «på'an igjen og nytt tap», men dei stod på og fekk til slutt eit poeng.

Det poenget smakte nok godt etter ein heller tøff start på sesongen i 3. divisjon. Fjøra står no med fire poeng etter seks spelte serierundar, noko som held til ein 12. plass.

– For oss handlar det om å skapa gode prestasjonar. Resultata vil koma av det, noko me synte i dag. Eg trur ikkje det er nokon av oss som kikkar på tabellen. Ein får som fortent til slutt når oktober kjem.

Til toppen