Fjøra - Stord: 1 - 0
Sogndal:Fjøra møtte Stord på Fosshaugane campus laurdag. Det blei ein tett og mållaus førsteomgang, der Fjøra skapte flest sjansar.
Tidlig i andre omgang nytta Malvin Gjerde ein av sjansane til Fjøra, og scorde det første og einaste målet i kampen.
Trenar for Fjøra, Knut Johan Almås, fortel at han er imponert over innsatsen til spelarane sine.
– Gutane står på noko voldsomt, og det var deilig å kunne avgjere kampen.
Etter laurdagens kamp står Fjøra igjen med tjue poeng, og har kun Aalesund 2 under seg i tabellen.
– Det å få tjue poeng denne sesongen var eit mål me hadde, og denne sigeren gjev oss ny sjølvtillit og energi til neste kamp, forklarer Almås.
– Me har alltid sagt at Fjøra skal ha fokus på prestasjonar, så kjem resultata. Me viser i denne kampen at det gode miljøet og treningane me har, gjev resultat. Eg er imponert over laginnsatsen, samt trenarane og lagleiarane som har jobba rundt laget, avsluttar han.