SKADA: Mathias Flo er ein av mange skadde på laget. Foto: Arkiv
SKADA: Mathias Flo er ein av mange skadde på laget. Foto: Arkiv

Fjøra sist på tabellen etter nytt tap

Etter endå eit tap mot Stord har Fjøra ramla ned til sisteplassen på tabellen.

Stord - Fjøra 4-1

– Vi må begynne å vinne fotballkampar, det er ikkje verre enn det, seier trenar Håvard Hatle til Porten.no etter kampen.

Det er lenge sidan Fjøra har jubla for siger i serien og denne gongen måtte dei igjen sjå seg slått. Siste sigeren var mot Aalesund 2 i første serierunde. På bortebane mot Stord måtte Fjøra igjen sjå seg slått og reise heim igjen med utan poeng.

Allerede etter 3 minutt var det Stord som satte inn kampens første mål og ga Fjøra eit dårleg utgangspunkt. Fjøra jobba hardt og utlikna fortjent til 1-1. Det var også dette som var stillinga til pause.

Mange ute med skader

Etter kvilen tok det ein 20 minutt før Stord verkeleg tok over og Roger Ekeland skåra to kjappe mål. Fjøra mista trua og i kampens siste minutt var det Jakob Iversen som satte inn kampens fjerde og siste målet.

Etter at Mathias Flo måtte forlate siste treninga før kamp skada er det ti spelarar som er ute. – Det er det som kanskje gjorde forskjellen i dag. Dei brukte alle byttene, mens vi berre hadde to. Vi får håpe at det snur, dei som spelte i dag dei spelte bra. Vi må fortsette å vere positive og å jobbe hardt, då kjem sigeren.

 

Til toppen