MØTER FJØRA: Ivan Øy og Årdal skal til Sogndal for å møte Fjøra i den 2. kvalifiseringsrunden i NM. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
MØTER FJØRA: Ivan Øy og Årdal skal til Sogndal for å møte Fjøra i den 2. kvalifiseringsrunden i NM. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Fjøra skal ta imot Årdal i neste runde

Ikkje uventa vart Årdal og Fjøra sett opp til å møte kvarandre i den 2. kvalifiseringsrunden i cupen.

Sogndal: Det blei klart torsdag etter at dei siste kvalifiseringskampane i den 1. runden vart spelt ferdig onsdag, der mellom anna Fjøra knuste Skavøypoll 5-0.

No er Årdal neste hinder for raudtrøyene, som i motsetnad til Årdal, klarte å karre til seg ein plass i Regionligaen førre sesong. 

Dei to laga har møtt kvarandre til treningskampar kvart år, og sjølv om Fjøra skal spele på nivået over, er sjansane gode for at det blir ein tett batalje likevel.

Årdal på si side slo Eid 3-1 i det som trygt kan kallast ein middelmådig kamp for å ta seg til 2. kvalikrunde. Kampen skal spelast i Sogndal innan 5. april.

Til toppen