OPTIMIST: Håvard Hatle og hans Fjøra gjekk på eit nytt tap denne sesongen mot Brattvåg laurdag, men Fjøra-trenaren er optimist. Foto: Youri van der Werve.
OPTIMIST: Håvard Hatle og hans Fjøra gjekk på eit nytt tap denne sesongen mot Brattvåg laurdag, men Fjøra-trenaren er optimist. Foto: Youri van der Werve.

Fjøra tapte: – Me må ikkje mista trua på dette

Fjøra-trenaren har tru på at poenga vil koma så lenge ein held hovudet heva.

Sogndal: Etter to oppløftande uavgjortresultat dei siste par rundane var det tilbake på jorda att for Fjøra då dei møtte serieleiaren Brattvåg laurdag.

– Me skal ikkje rykke opp, det skal Brattvåg. Det er forskjellen i dag, seier Håvard Hatle til Porten.no etter kampen. 

Fjøra kom tidleg under mot gjestane frå sunnmøre. I det 11. minuttet gav Torbjørn Grytten Brattvåg leiinga. Same mann auka 2-0 etter 58 minutt. Sjølv om bortelaget fekk Daniel Stensøy utvist ti minutt seinare, klarte dei likevel å finne nettmaskene endå ein gong, då ved Scott Fellows i det 82. minuttet.

Ikkje vunne sidan 19. april

Dermed har fjøringane til gode å vinna ein fotballkamp sidan serieopninga mot Aalesund 2. 

– Brattvåg er eit veldig godt fotballag med eit budsjett som er ti gonger så stort som vårt. Dei har gode enkeltspelarar, og det er tydeleg at dei vil opp. Det vinn fortent, men eg tykkjer gutane våre står på og verkeleg prøver. Me må ikkje miste trua på dette. Me har framleis spelemessig framgang, så poenga vil kome etter kvart, er innstillinga til Hatle.

Heimelaget hadde ni spelarar ute med skade før denne kampen og stilte dermed ungt. Då 0-1 kom i mot etter berre elleve minutt, rauk også kampplanen litt.

– Me håpa me skulle klare å halde nullen lenger slik at me fekk dei lengre opp i bana. Eg føler me spelar bra og skapar ein del sjansar, men dei har ein god spiss som scorar mål. Me får nok som fortent sjølv om alle stod på og ville vinna i dag.

– Lite som skal til før det snur

Fasiten etter åtte rundar er dermed fem poeng for laget frå Sogndal, som no ligg under nedrykksstreken med ein kamp meir spelt enn laga rundt seg. 

– Eg trur det er lite som skal til før det snur. Det handlar berre om at me får litt hjelp med tanke på skadesituasjonen. No kjem me frå to uavgjortar, og spelemessig meiner eg me har tatt steg. 

Til toppen