EIT STEG NÆRARE: Fjøra sikra i dag den viktige femteplassen i avdelinga. Men enno er det for tidleg å sprette champagnen. Foto: arkiv.
EIT STEG NÆRARE: Fjøra sikra i dag den viktige femteplassen i avdelinga. Men enno er det for tidleg å sprette champagnen. Foto: arkiv.

Fjøra vann 5-0 i Florø og sikra femteplassen

Men ny kontrakt er enno ikkje i boks.

Florø 2-Fjøra: 0:5

Med dagen 5-0 siger sørga Fjøra for at ingen i avdelinga kan ta frå dei femteplassen når det står att to kampar av sesongen.

I år får dei fire første plassane i kvar avdeling og dei åtte beste femmarane ny kontrakt og retten til å spele i neste års nyvinning, nemleg regionsligaen.

Les også: Målfest for Fjøra
Les også: Slik blir innspurten i tredjedivisjon

I skrivande stund ligg Fjøra an til å bli det åttande og siste laget som får bli i divisjonen av femmarane. Bak halsar Kjelsås 2 og Åsane 2 som begge har mindre poeng, men òg spelt færre kampar.

Fjøra har att to heimekampar, mot Sogndal 2 og i siste runde mot Kristiansund FK.

Til toppen