HELTEN: Eirik Stedje blei den store helten då Fjøra tok sesongens tredje trepoengar på bekostning av Varegg.
HELTEN: Eirik Stedje blei den store helten då Fjøra tok sesongens tredje trepoengar på bekostning av Varegg. (Bilde: Stig Høynes/haugenfotball.no)

Fjøra vann etter dramatiske sluttminutt: – Eg har ikkje sett dei så bra denne sesongen

Fjøra hadde tre poeng i lomma då det gjenstod to minutt av kampen mot Varegg. Då eksploderte det.

Varegg – Fjøra 3-4

Bergen: Fjørene hadde berre vunne to kampar denne sesongen og stod med 10 poeng og låg på jumboplass før møtet med Varegg laurdag. 

Endeleg såg det ut til at lykka skulle snu for Fjøra, som har hatt ein tøff sesong og har skifta trenar. Då Malvin Gjerde la på til 3-1 i det 80. minutt såg sigeren ut til å vera bankers. Men i det 88. minutt scora Varegg, og like etter kom utlikninga.

Typisk, tenkjer ein kanskje, men ikkje i dag. På overtid stod Eirik Stedje fram og sette inn vinnarmålet på overtid. 

Himmel og helvete

– Var dette helvete og himmelen på få minutt?

– Ja, det kan du seia. I det siste føler eg at me har hatt marginane imot oss. Då var det på tide at me hadde dei med oss og fekk avgjort på slutten, seier trenar Knut Johan Almås om sluttminutta.

– Eg har ikkje sett laget så godt som i den 2. omgangen dei spelte i dag.

Viste vilje

I staden for å seie seg nøgde med det eine poenget, jaga gjestene frå Sogn på. Stormande bakfrå kom Stedje, som sette inn sigersmålet. 

– Me ville ha tre poeng, og det løpet viser den vilja, kommenterer trenaren.

Fjøra fekk ein verst tenkeleg start på kampen med scoring imot etter berre 40 sekund, men lot seg ikkje knekka. Like før pause kom 1-1 ved Sixten Jensen. Kenneth Skjerven la på til 2-1 i det 56. minuttet, og i det 80. minutt såg det ut til at Malvin Gjerde sette siste spikeren i kista.

To raske scoringar frå heimelaget såg ut til å spolere festen, før Stedje altså vart den store helten. 

– Det var utruleg deilig og utruleg fortent. Me burde ha vunne meir, meiner Almås.

Til toppen