– UROVEKKANDE: Rådmann Alf Olsen jr. meiner det er urovekkande at Lærdal kommune går inn i 2016 med altfor høg fart. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
– UROVEKKANDE: Rådmann Alf Olsen jr. meiner det er urovekkande at Lærdal kommune går inn i 2016 med altfor høg fart. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fjorårsdrifta i minus for Lærdal kommune

– Det generelle biletet er at me ligg for høgt. 

Lærdal: Det sa rådmann Alf Olsen jr. etter at han og formannskapet i Lærdal fekk presentert den ureviderte rekneskapen for Lærdal kommune i 2015. 

– Det er for så vidt ikkje noko som utmerka seg, men det er dei store områda som har dei største utfordringane, kommenterte rådmannen.

Kommunen hadde i det reviderte budsjettet for 2015 rekna inn eit overskot på 3 millionar kroner, men drifta i 2015 enda med eit meirforbruk på 5 millionar kroner. Det gir eit brutto driftsresultat på minus 2 millionar kroner. 

Store områda

Det er særskilt tre område som ein kan dra fram, og ganske riktig er det dei store områda. Det største området, pleie og omsorg, hadde ei ramme på 46,3 millionar, men brukte 1,5 millionar meir enn budsjettert. 

Det nest største området, oppvekst, fekk tildelt ei ramme på 40 millionar kroner i år, men kom ut med eit meirforbruk på rundt 400 000 kroner. Dette er eit område det skal sparast pengar på dei komande åra også, og i 2019 er planen at området skal ha ei budsjettramme på rundt 36 millionar kroner. 

Elles låg både sosiale tenester og barnevern ein del over ramma si med høvesvis 800 000 og 500 000 kroner i meirforbruk. 

– Urovekkande

– Det er urovekkande at me går inn i 2016 med ein fart som er for høg. Når ein tenkjer på budsjettet som er lagt, er det veldig krevjande å koma i land med, og me må halde alle i øyrene heile vegen for at dette skal møtast på ein skikkeleg måte, sa Olsen jr.. 

Underskotet vert dekka inn ved at ein reduserer avsetninga til disposisjonsfondet. I budsjett var det lagt opp til ei avsetning på 8,2 millionar, men denne vert redusert til 4,1 millionar kroner. På grunn av låge renteutgifter i 2015, gjekk kommunen 1 million i pluss her. Dette vert også nytta til å dekke inn det totale underskotet på fem millionar.

Rekneskapen skal reviderast denne veka før han vert sendt til politisk handsaming saman med årsmeldinga for 2015. 

Til toppen