STYRKAR TROPPANE: Fjøratrenar Håvard Hatle legg no spelarkabalen for neste sesong. Fire sterke kort er allereie på plass. Foto: arkiv.
STYRKAR TROPPANE: Fjøratrenar Håvard Hatle legg no spelarkabalen for neste sesong. Fire sterke kort er allereie på plass. Foto: arkiv.

Fjøratrenaren har henta fleire solide forsterkingar

«Nyopprykka» Fjøra har fått inn to spelarar med erfaring frå høgare divisjonar, pluss to målfarlege leigesoldatar i kampen for å overleve i Regionligaen.

Sogndal: Fjøratrenar Håvard Hatle har brukt ferien godt. Til no har han henta venstreback Joar Tryti frå Sogndal og midtbanespelar Erlend Grov frå Stord på permanente overgangar, i tillegg til to spissar som kjem på lån frå Sogndal. Mathias Flo forlengar kontrakten med enno eitt år, medan Bakary Traoure vert fjøraspelar ut vårsesongen.

Les også: Han trenar Norges minste lag, men fryktar ikkje bank frå dei store

Joar Tryti (20) er eit lokalt talent frå Vik som vart henta til Sogndal i ung alder, men som aldri heilt greidde å slå gjennom på A-laget. I fjor var han på lån til Førde i andredivisjon der han gjorde sine saker svært bra, trass nedrykket.

– For oss er det ei solid forsterking som vi kjem til å dra stor nytte av, pluss at han er han ein lokal gutt, seier Hatle.

Midtbanespelar Erlend Grov (23) har erfaring frå førstedivisjon med spel for både Vard/Haugesund og Åsane. Forrige sesong spelte han i andredivisjon for Fyllingsdalen og Stord.

– Det er ein spelar som dekkar enorme rom, i tillegg til at han har eit klokt fotballhovud. Med erfaring frå både andre- og førstedivisjon seier det seg sjølv at han held bra nivå, seier Hatle.

Mathias Flo (20) har vore i Fjøra i halvanna år og scora 36 mål på 35 kampar i fjerde- og tredjedivisjon. No blir lånet forlenga ytterlegare eitt år.

– Det er veldig positivt for oss. Han er ein sterk spiss som har vist at han er god på dette nivået. No er det opp til han sjølv å ta nye steg, seier Hatle.

På lån kjem frå Sogndal kjem òg Bakary Traoure (18). Med hat-trick i forrige treningskamp mot Førde har spissen allereie fått ein pangstart på fjørakarriera. 

– Det var svar nok for oss. Han er sterk, kjapp og uforutsigbar. I kombinasjon med Mathias og dei andre på laget kan dette bli spennande, seier Hatle.

Fjøra har vunne begge dei to treningskampane til no i år. Spesielt var tremålssigeren mot divisjonskollega Førde imponerande. Men fjøratrenaren tek ikkje av heilt enno.

– Det alltid godt å vinne fotballkampar, men vi må vere realistiske òg. Vi er berre i midten av januar, seier han.

Til toppen