GODFOTTEORI: Håvard Hatle trur ikkje spelargruppa kjenner spesielt på presset før skjebnekampen i helga. – Spelarane har gjort seg fortente til å ligge der dei ligg. Det er slike kampar det handlar om. Det er difor vi spelar fotball, seier han. 
GODFOTTEORI: Håvard Hatle trur ikkje spelargruppa kjenner spesielt på presset før skjebnekampen i helga. – Spelarane har gjort seg fortente til å ligge der dei ligg. Det er slike kampar det handlar om. Det er difor vi spelar fotball, seier han. 

Fjøratrenaren meiner det viktigaste er å ha det gøy

– Det er gøy å vinna. Så han kan ha rett i det, seier midtbanespelar Kenneth Skjerven, to dagar før skjebnekampen mot Kristiansund.

Sogndal: Det er trening i Sognahallen. Dei siste førebuingane før det heile blir avgjort. Søndag kjempar Fjøra for å halde plassen i divisjonen og dermed retten til å spele i den nye regionligaen til neste år.

– Eg trur ikkje presset er så stort. Spelarane har gjort seg fortente til å ligge der dei ligg. Det er slike kampar det handlar om. Det er difor vi spelar fotball. Viss vi berre skulle ha spelt uviktige kampar, så hadde ikkje eg gidda å drive med dette, seier trenar Håvard Hatle.

– Me ligg på femteplass og over Kristiansund fordi me er eit betre lag. Og me skal vera meir tente enn dei til den kampen. Så eg trur me har store sjansar til å vinna, seier midtbanespelar Kenneth Skjerven.

Les også: Fjøra misbrukte sjansen: – Det meste gjekk gale

Drama i to akter

På grunn av omlegginga i seriesystemet er det berre dei fire øvste laga i kvar avdeling og dei åtte beste femmarane som får halde plassen i tredjedivisjon.

GØY Å VINNE: Midtbanespelar Kenneth Skjerven  
GØY Å VINNE: Midtbanespelar Kenneth Skjerven  

Fjøra er no det åttande beste femmarlaget, med den næraste utfordraren pustande i hælane. Med siger er plassen sikra. Viss Fjøra avgir poeng, vert kampen mellom Bjarg og Tertnes plutseleg interessant.

Bjarg og Fjøra kjempar nemleg begge om den aller siste billetten til neste års regionsliga. Før siste runde er det berre nokre desimalar som skillar på poengsnittet, men då i fjørene sin favør.

Det betyr at resultatet i Bergen kan verte avgjerande. Vinn Bjarg, så må Fjøra vinne. Avgir Bjarg poeng, så held det med uavgjort. Men trenar Hatle er ikkje frista til å opprette telefonisk kontakt med speakerbua på Stavollen Idrettspark av den grunn.

– Nei, det gjer vi ikkje. Vi skal tørre å angripe og prøve å finne tilbake til det pasningsspelet vi veit vi er gode på. Så får vi sikkert dei beskjedane når det trengst. Men vi kjem iallefall til å spele vårt spel.

Sluttar som trenar om plassen ryk

Første matchball vart skusla vekk i tapet mot Sogndal 2 i helga. Det er ein kamp trenar Hatle helst vil gløyme.

– Det var heilsvart. Slike kampar kjem av og til, berre synd at den kom akkurat då. Men ellers i år har vi fått pasningsspelet til å sitte og vore jækla gode. Så vi legg det tapet fort i frå oss og så er det ein ny matchball no, seier han.

Etter kampen sa han til Sogn Avis at han sluttar dersom klubben ikkje greier å nå det som var målet før sesongen, nemleg ny kontrakt. Den uttalen står han for framleis.

– Tapa vi har hatt, handlar om at vi ikkje har greidd å vere heilt til stades. Det er mi viktigaste oppgåve som trenar å sørge for at vi er. Viss vi ikkje greier det, så synst det kanskje er greitt at andre tek over, seier han.

Kenneth Skjerven seier trugsmålet ikkje er noko spelarane har snakka noko særleg med dei andre spelarane om. – Det einaste me vil no, det er å vinne den kampen. Då skjer ikkje det uansett, seier han.

FIN STIL: På sitt beste spelar Fjøra teknisk og flott fotball, med mykje pasningar i laget. Trenar Hatle har ingen planar om å leggje om stilen, sjølv om mykje står på spel i siste serierunde.
FIN STIL: På sitt beste spelar Fjøra teknisk og flott fotball, med mykje pasningar i laget. Trenar Hatle har ingen planar om å leggje om stilen, sjølv om mykje står på spel i siste serierunde.

Det viktigaste er ikkje å vinne...

Med så mykje på spel, skulle du tru at eit visst alvor pregar dei siste førebuingane inn til kampen. Det verkar ikkje å vere tilfelle. I peptalken før onsdagens trening, ein av dei siste før alvoret startar, fortalte Hatle spelarane at dette først og fremst skal vere gøy.

– Så det handlar ikkje om å vinne?

– Viss du har det gøy, så vinn du. Viss du ikkje har den entusiasmen, så kjem du ingen veg. No førre kamp var det sikkert det vi mangla mest. Men no i dag og på førre trening, så har smilet vore der. Då er det gode moglegheiter, seier Hatle.

Midtbanespelar Kenneth Skjerven ser fram til eit skikkeleg avslutningsdrama og godt med tilskodarar på Campus.

– Me hadde sjansen til å avgjera det i helga og får ein ny sjanse no. Eg trur me greier å ha betre kontroll på nervene no, enn sist, seier han.

– Var det dei som svikta?

– Det er vanskeleg å seie. Vi var i allefall ikkje gode nok, seier Skjerven.

– Trenaren din seier det viktigaste er å ha det gøy. Kor einig er du i den påstanden?

– Det er gøy å vinna. Så han kan ha rett i det, seier Skjerven.

Til toppen