Fjord til fjell: Sjå bileta frå festivalhelga

Alt i alt er leiaren i Årdalstangen Idrettslag nøgd med årets Fjord til fjell-festival. 

Årdalstangen: Roy André Bergerud oppsummerer helga til Porten.no. Også i år har det vore fire dagar med fullstappa program. 

Tivoli, grillmat, auksjon, salsboder, billotteri (sjekk vinnar nedst i artikkelen), biltreff, livemusikk og løp rundt Årdalstangen. Med litt solglimt innimellom er det oppskrifta på ei fartfylt helg på Årdalstangen.

Sjå bileta frå festivalhelga i galleriet øvst i artikkelen.

– Det har gått veldig bra. Fredag var så som så på grunn av vêret, men laurdag kom sola, og då var det heilt fullt med folk her på torget, seier Bergerud.

Begge kveldane var det full fres med livemusikk med Flugisane & That 70's show og Funky Town. 

NØGD: Leiar i ÅTIL, Roy André Bergerud, er nøgd med festivalhelga. 
NØGD: Leiar i ÅTIL, Roy André Bergerud, er nøgd med festivalhelga. 

– Eg har fått berre positive tilbakemeldingar på musikken. Eg har også snakka med alle som har salsbod her, og dei er alle nøgde med korleis det har gått, og det er det viktigaste. 

Mykje folk trass pinse

Det er Årdalstangen Idrettslag som arrangerer det årlege Fjord til fjell-arrangementet. Trass litt støy i forkant etter at leiaren gjekk ut og kritiserte handelsstanden for manglande interesse, er han altså nøgd.

– Korleis det har gått økonomisk veit me ikkje før me har talt. Men sjølv om det er pinse, så har det vore veldig mykje folk her. Som me trudde, er det mange som kjem heim til bygda, og dessutan var det mykje turistar. Berre det i seg sjølv er kjekt – turistar i Årdal, smiler han.

– Ikkje sikkert det blir festival neste år

Likevel har Bergerud eit hjartesukk. 

– Eg ser at det er butikkar i Øvre Årdal som annonserer at dei har sal i samband med Fjord til fjell-festivalen. Dei lokkar folk opp dit når det er festival her. Dei har fått tilbod om å vera med, men takka nei. Då er ikkje det greitt at dei brukar festivalen slik. Då hadde det vore betre om dei var med oss her, seier han.

No håpar han at fleire frå det lokale næringslivet melder si interesse neste år – om det i det heile blir festival.

– Det er ikkje sikkert. Me brukar mykje ressursar på dette som me heller kunne ha brukt på å byggja opp idrettslaget vårt. Eg kan ikkje seie meir før me har tatt det opp i styret vårt, men me vil ha med oss fleire til å bidra under Fjord til fjell. 

PS! Vinnaren av årets billotteri vart Erik Kvanli.

Til toppen