ELEKTRIFISERING: Koronaviruset har budd på utfordringar for arbeidet med elektrifisering av sambanda.
ELEKTRIFISERING: Koronaviruset har budd på utfordringar for arbeidet med elektrifisering av sambanda. (Foto: Pressefoto / Fjord1)

Fjord1 aukar omsetnaden stort etter krevjande månader

I andre kvartal av 2020 har Fjord1 omsett for 751 millionar kroner. Det er ni prosent høgare enn same tidsperiode i fjor.

Sogn: I tillegg til ni prosent auke i omsetnaden auka òg brutto driftsresultatet til Fjord1 med ni prosent i andre kvartal, til 245 millionar kroner. Første halvår av 2020 syner eit brutto driftsresultat på 438 millionar kroner av ein omsetnad på 1 502 millionar kroner, melder Fjord1 i ei pressemelding. 

Fjord1 har dei siste månadane gjennomgått store forandringar med oppstarta av nye kontraktar, elektrifisering av fartøy, samt dei mange utfordringane heile samfunnet har opplevd av koronaviruset. 

Gode tal, men veit at tida framover vert krevjande

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er godt tilfreds med ein regularitet på 99,7% i eit krevjande halvår.

– Fjord1 sitt store fornyingsprogram med 25 nybygg og fem ombyggingar er fullført, der det siste fartøyet vart levert i august. Den store elektrifiseringsbølga i selskapet er dermed gjennomført, og Fjord1 har 30 elektriske fartøy i drift ved utgangen av 2020, seier Neteland.

Koronaviruset har budd på utfordringar for arbeidet med elektrifisering av sambanda grunna forseinka levering av fartøy. Fjord1 reknar likevel med å fullføra lade-infrastruktur i løpet av andre halvår 2020.

– Det har vore eit stort administrativt og økonomisk løft for Fjord1, seier Neteland.

Sjølv om elektrifisering av sambanda har gått etter planen, har cateringområda budd på utfordringar for selskapet. No ser det derimot ut til å gå rett veg, og dei har merka ei positiv utvikling i juli då kioskane kunne starte opp igjen. 

– Reiselivsområdet har vore svært krevjande i første halvår, og me ser at det vert utfordrande i tida framover òg, seier han. 

– Fjord1 har likevel stor tru på reiseliv og den felles reiselivsatsinga saman med Vy-gruppen held fram som planlagd, seier Neteland.  

Til toppen